Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 1-4 (0-3)
4. divisjon, Uggedal KGB, 05.05.2022
Sjansar: 6-10
Cornere: 6-5
0-1 Johannes Tjøstheim (16)
0-2 Aleksander Lillebø (28)
0-3 Peter Frostad (43)
1-3 Ådne Hellandsvik (59)
1-4 Stian Skaar (61)
Eit forferdeleg sløvt heimelag måtte sjå seg knust av gjestane frå Blindheim. Gjestane tok kommandoen frå start av, og hadde allereie hatt eit skot i stolpen og blitt snytt for straffespark då Johannes Tjøstheim gjorde 0-1 eit drygt kvarter ut i kampen. Blindheim fortsette å vere det beste laget. Duellar vart vunne og andreballar teke hand om. Norborg hadde stor strekk i laget, svak konsentrasjon og laber innsats. Det var då ingenting å sei på at Aleksander Lillebø dobla leiinga då han raga høgast etter ein corner. Norborg heva seg litt inn mot pause og Tobias Jensen hadde ein bra sjanse til å redusere, men avslutninga gjekk rett på keeper. Like før pause var det igjen passivitet i dei bakre rekker og Peter Frostad kunne enkelt sette inn 0-3 i tomt mål.
Norborg gjorde ein langt betre 2. omgang og fekk eit lite håp då Ådne Hellandsvik sette ballen stolpe inn etter veggspel med Eirik Vågnes. Håpet forsvann likevel raskt frå Uggedal KGB då Stian Skaar sette eit frispark rett i mål frå 18 meter. Norborg skapte et par store sjansar den siste halvtimen, men kom ikkje nærmare enn eit skot i aluminiumet av Hellandsvik. Dermed vart det eit fortent tap i Norborg sin seriekamp nummer 999.
I jubileumskampen skal ein til Skarbøvika fredag kl. 1830.
Laget: Sander Arntsen – Ådne Hellandsvik, Anders Toven, Tor Abelseth, Jesper Vos – Igor Leonov (Stian Fjørtoft Klokk, 57), Tobias Jensen (Per-Kristian Søvik, 77), Eirik Vågnes (Henrik Hurlen, 68) – Magnus Otterlei, Thomas Aarsund, Martin Koch (Lars Mikalsen, 88).
Stjernebørs:
*** Ådne Hellandsvik
** Martin Koch
* Anders Toven