Langevåg – Norborg/Brattvåg2 2-3 (2-1)
4. divisjon, Langevåg KGB, 22.09.2022
1-0 Nikolai Vadseth (1)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (7)
2-1 Eirik Hurlen (str. 19)
2-2 Anders Toven (49)
2-3 Henrik Otterlei Hurlen (78)
Norborg hadde marginane med seg og tok tre ekstremt viktige poeng i bortemøtet med det tidlegare storlaget Langevåg. – Vi har gjort betre kampar enn dette, men poenga var viktigare enn vakkert spel i dag, sa trenar Marius Rogne.
Norborg starta kampen med avspark, men eit pasningsbrot og påfølgjande ball i bakrom sende Langevåg igjennom og scora etter 31 sekunder. Verst tenkeleg start for dei oransje, men det tok ikkje mange minutt før utligninga kom då Martin Koch fekk ein løpeball mot kortlinja. Han sende ballen inn til evigunge Tarjei Urkedal, som takla inn sitt Norborg-mål nummer 236!
Etter scoringa var det full fart framover for Norborg. Ein spelte seg fram til mange hjørnespark og sjansar. Tobias Jensen, Markus Lewis, Martin Koch og Igor Leonov var alle farleg frampå for å sende Norborg i leiinga, men enten var det ein god keeper Johan Nymark som stod i vegen, eller så mangla den siste presisjonen.
Så snudde heller vinden, og sende Langevåg av garde. Uromomentet Nikolai Vadseth plaga Norborg-forsvaret og vart felt inne i 16-meteren. Eirik Hurlen sette straffa sikkert i motsett hjørne for ein elles god Ronald Olsen. 2-1 til Langevåg, som fortsette å føre kampen med tempo, energi og trøkk. Så snudde alle premiss ti minutt før pause. Martin Koch hang på som ein klegg rundt Nikolai Vadseth, som ikkje var særleg fornøgd med det. Dommer Kringstad oppfatta slag i ansiktet, og gav direkte raudt kort. Ein omgang med overskrifter, men ebba ut i 2-1 til Langevåg til pause.
2. omgang byrja med eit press frå Norborg, og allereie fire minutt ut i omgangen kom utlikninga då Martin Koch svingte eit frispark inn på bakre der Anders Toven kom flygande gjennom lufta og stanga inn 2-2. Norborg fekk det dei ville med eit tidleg mål, men greidde ikkje å sette spelet etter scoringa. Sjølv med ein mann mindre hadde Langevåg mest ball og skapte dei fleste sjansane. Etter timen tok Norborg meir og meir over banespelet, men var lite presise på siste tredjedel, og Langevåg fekk fleire overgongar.
Like før Norborg skulle ta frispark dryge ti minutt før slutt vart Henrik Otterlei Hurlen byta inn for ein aktiv Tobias Flem Hellem. Det skulle vise seg å bli tunga på vektskåla. Martin Koch tok frisparket frå dybden, inn på bakre sprang nemnde Hurlen og styrte ballen i mål til 3-2. Med tre poeng i lomma vart det viktigste no å forsvare leiinga mot eit desperat heimelag. Sluttminutta vart eit sarleg kaos og Langevåg var fleire gongar nær utlikning. Spelarar låg strødd med krampe, skade og trøytte bein. Seks minutt på overtid blåste dommar Kringstad av kampen, og sju poengs luke til Langevåg var sikra!
Neste kamp er heime mot Hareid fredag 30. september kl. 1830.
Ronald Søvik Olsen – Tobias Jensen, Tor Abelseth, Anders Toven, Tobias Flem Hellem (Henrik Hurlen, 77) – Thomas Aarsund, Igor Leonov – Magnus Otterlei (Lars Mikalsen, 90), Martin Koch, Markus Hammerbekk Lewis (Stian Klokk, 46) – Tarjei Urkedal (Henrik Hurlen, 30) (Kristoffer Søviknes, 60)
Stjernebørs:
*** Martin Koch
** Ronald Olsen
* Anders Toven