Norborg/Brattvåg2 – Herd 1-5 (1-2)

Norborg/Brattvåg2 – Herd 1-5 (1-2)
4. divisjon, Uggedal stadion, 10.09.2021

Sjansar: 2-8
Cornere: 2-5

1-0 Jeppe Mogensen (str. 19)
1-1 Kheirulla Ahmadzai (35)
1-2 Kristian Klokk Flovik (43)
1-3 Eirik Skjelten Dalhus (52)
1-4 Kheirullah Ahmadzai (67)
1-5 Erlend Nicolai Fjeldstad (str. 84)

Norborg/Brattvåg2 stilte sitt sterkaste lag for sesongen, men fekk det etter kvart tøft mot divisjonens beste lag. Det starta godt då David Sissoko vart lagt i bakken innanfor 16 meteren og Jeppe Mogensen sette det påfølgjande straffesparket i mål. Omgangen var jamn og intensiv, men inn mot pause straffa Herd to personlege feil hos heimelaget knallhardt med to mål. Dermed var den ønska og nødvendige leiinga inn mot pause rota vekk. Etter pause hadde Herd god kontroll og vann til slutt komfortable 1-5. Det skal nemnast at Norborg/Brattvåg2 starta 2. omgang med 5 juniorar og avslutta med 9 utan at Herd skapte så mange fleire klare målsjansar enn det dei scorte på.

At det ville bli tøft mot flokken frå Moa var venta, men med eit på papiret også sterkt heimelag så gjekk ein til kampen med håp om poeng. Håpet vart heller ikkje svekka då raske David Sissoko vart lagt i bakken då han storma mot mål. Dommar peika på straffemerket, og hadde også ein diskusjon med assistentdommar om det skulle delast ut eit raudt kort. Det enda med berre straffe, noko som er heilt greit. Jeppe Mogensen var sikkerheita sjølv får kritmerket og sette inn 1-0.

Herd stod høgt i bana og etterlot mykje bakrom, men heimelaget greidde ikkje å utnytte dette. Eit lite samspelt lag fann aldri rytmen i angrep mot eit aggressivt gjestelag. Herd på si side greidde heller ikkje å skape så mykje, men ti minutt før pause fekk dei god hjelp til det då keeper prøvde seg på ei dribling, sklei og gav ballen til Kheirulla Ahmadzai. Han gjorde ingen feil og sende ballen i mål frå skrått hald. Herd var best inn mot pause og i det 44. minutt vart det igjen ei dribling for mykje av heimelaget. Herd kontra på venstrekanten og innlegget fann Kristian Flovik framfor mål. Han banka ballen mellom beina på keeper og i nota. 1-2, og ei verst tenkeleg avslutning på omgangen for Norborg/Brattvåg2.

Betre vart det ikkje av at Herd scora på sin første sjanse etter pause då Eirik Dalhus raga høgast i feltet etter ein corner og stanga inn 1-3. Herd hadde etter dette full kontroll mot eit heimelag som ikkje evna å få til noko offensivt. Midtvegs i omgangen var det igjen ein liten black-out i forsvaret. Erlend Fjeldstad snappa ei svak pasning, storma mot mål og lobba ballen i tverra. Returen gjekk i beina til Ahmadzai som finta ein forsvarar og sette ballen i nota til 1-4. Mot slutten fastsette Fjeldstad sluttresultatet til 1-5 på straffe.

Herd var fysisk sterke, aggressive og gode med ball på den sleipe grasmatta. Heilt klart den fremste opprykksfavoritten i Møre og Romsdal sine to 4. divisjonsavdelingar. Norborg/Brattvåg2 på si side har litt å gå på, men får ein stille med denne troppen framover så bør det bli plukka godt med poeng.

Neste kamp er også heime i Uggedalen. Då mot Hødd2 fredag kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen (Sander Arntsen, 80) –  Marius Refsnes (Stian Fjørtoft Klokk, 72), Peter Nielsen (Henrik Hurlen, 46), Tor Abelseth, Tobias Jensen – Eirik Vågnes, Ådne Hellandsvik, Ulrik Havnsund (Per Kristian Grytten Søvik, 62), Benjamin Sveinsson (Martin Fylling Koch, 72) – Jeppe Mogensen (Igor Leonov, 46), David Sissoko.

Dommar: Bertil Holen (Guard)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Jørgen Eriksen (Fron)