Volda – Norborg/Brattvåg2 1-4 (0-2)
4. divisjon, Volda stadion, 21.06.2019
0-1 Fredrik Hurlen (30)
0-2 Tor Abelseth (38)
1-2 Stian Moe Finnøy (83)
1-3 Magnus Austbø Seth (85)
1-4 Magnus Austbø Seth (89)
Dei færraste såg vel føre seg at eit Norborg/Brattvåg2 utan A-lagsspelarar frå Brattvåg skulle greie å påføre Volda årets første tap, men unggutane frå Norborg og Brattvåg kjempa tappert, hadde marginane med seg og kunne reise lykkelege heim med 4-1 siger. Oransjetrøyene fauk dermed opp på 3. plass på tabellen.
Volda kjørte kampen dei første 15, men etter dette så finn vi strukturen og bruker ballen bra. 0-1 kom etter at spiss Ole Johan Urke gjorde eit særs godt press og Fredrik Hurlen snappar ballen, spring frå forsvaret, runder keeper og triller ballen i mål. 0-2 var ei perle av dei sjeldne. Tor Abelseth braut på midten ute til høgre å ser keeper står langt ute. Frå 40 meter legg han den i lengste vinkel. I 2. omgang så har Volda føringen i kampen, men vi fortsette å jobbe hardt og strukturert. Volda skaper nokren sjansar, men vi er i press på dem i avslutningane og keeper Benjamin Rørhus står bra. Dei reduserer på ein dødball før vi kontrer inn to mål med Magnus Austbø Seth der han begge gongane drar av ein mann og sett ballen i mål frå 16. I mellom dette skyt Jesper Vos over på blankt etter ei perfekt kontring. Volda er det klart beste laget vi har møtt i år, men vi vinn fordi vi jobber knallhardt over heile fjøla, gjer som vi avtalar på førehand og er kloke på bana. Vi tør også å bruke og halde i ballen i laget. Vi er heldige i starten, men etter at vi har fått vendt oss til tempoet så gjer vi ein fantastisk innsats. Eg er stolt av gjengen der berre to spelarar er over 20 år. I fjor tapte vi for Volda2, medan vi i år slår seriens beste lag på bortebane med stort sett same gjengen. Fantastisk, seie trenar Kristian Søviknes, som drog Terry Venables sin juletreformasjon ut av ermet til dagens kamp.
Laget: Benjamin Rørhus – Per Kristian Grytten Søvik, Anders Toven, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne (T. Jensen, 83) – Gard Rogne, Nikolai Jensen, Jesper Vos – Fredrik Hurlen (Tobias Jensen, 55) (Per Kristian Helle Hildre, 67), Magnus Austbø Seth (Eirik Vågnes, 90) – Ole Johan Urke (Per-Stian Alvestad, 62) (Jonas Holmeset, 75).