Norborg/Brattvåg2 – SIF/Hessa 1-2 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 26.09.2019
Sjansar: 5-7
Cornere: 6-5
Avslutningar på mål: 6-11
Avslutningar utanfor: 6-4
Blokkerte avslutningar: 5-2
0-1 Emil Nilsen (50)
1-1 Jesper Vos (74)
1-2 Ole-Johan Lindgren (80)
Det stod ikkje på innsatsen til heimelaget, men nok ein gong møter ein eit fysisk sterkt og godt organisert lag som var vanskeleg å bryte ned. Norborg skapte dei fleste sjansane og hadde ballen mest før pause. Fredrik Hurlen fekk to gode sjansar, men keeper fekk redda den første til corner, medan den andre vart sett utanfor. Ådne Hellandsvik sin sjanse var frå dårlegare posisjon enn Hurlen sine, men han fekk upressa fyrt av innanfor 16 meteren, men ballen fauk over mål. Sondre Kjølsøy var den største trusselen frå gjestane, men han kom seg berre til ein stor sjanse som vart sett midt på keeper Silva frå litt skrå vinkel.
Det vart ein tøff start på 2. omgang for heimelaget. Først gjorde Emil Nilsen 0-1 før keeper Neydson Da Silva vart utvist for usportsleg opptreden. Med ein mann mindre vart jobben vanskeleg, men innsatsen var god og ein time ut i kampen var det berre ein assistentdommar med rusk i augene som hindra mål. Fredrik Hurlen var ikkje offside då han starta på ein ball i bakrom, sprang frå forsvaret og lobba ballen over keeper. Norborg fekk likevel utlikninga si då Jesper Vos pirka ballen over streken til 1-1 eit kvarter før slutt. Gjestane gjekk då høgare i bana og tok igjen føringa i kampen då Ole-Johan Lindgren heada inn ein corner. Same mann vart utvist fem minutt seinare, men sjølv om Norborg forsøkte å få utlikninga, vart ein eit nummer for små i denne kampen og gjestane vann totalt sett fortent.
Neste kamp er borte mot Ørsta på sjølvaste kanelbollens dag, fredag 4. oktober kl. 19. Ein kamp ein må ha poeng i for å ikkje kome skikkeleg ned i nedrykkssumpa. Vi bestiller tre poeng og kanelbollar i Ørsta.
Laget: Neydson Da Silva – Elias Mordal (Siver Davik, 62), Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Emil Solnørdal (Jonas Holmeset, 46) – Gard Rogne, Nikolai Jensen (Jesper Vos, 70, Ådne Hellandsvik – Per Kristian Søvik (Sander Arntsen, 54), Fredrik Hurlen (Per Kristian Helle Hildre, 75), Thomas Aarsund.