Norborg/Brattvåg2 – Hødd2 0-1 (0-0)

Norborg/Brattvåg2 – Hødd2 0-1 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 01.07.2019

Sjansar: 7-4
Cornere: 5-6
Avslutningar på mål: 5-4
Avslutningar utanfor: 9-4
Blokkerte avslutningar: 3-6

0-1 Håkon Brautaset (str. 51)

Norborg/Brattvåg2 måtte tåle sitt første heimetap sidan samarbeidet starta framfor fjorårssesongen. Avgjersla fall på eit straffespark like etter sidebytte. Straffa var Hødd2 sin første skikkelege målsjanse. Norborg/BIL2 på si side hadde svidd tre store før pause. Etter målet fekk vi ein opnare kamp med sjansar begge veger, men to gode målvakter hindra fleire mål.

Begge lag stilte sterkt på kunstgraset i Uggedalen med fem spelarar kvar frå A-stallen. Kampen starta med eit initiativ frå gjestane mot eit heimelag som gjorde enkle feil i sitt offensive spelt, men ein haldt gjestane frå å skape det heilt store framfor keeper Neydson Da Silva. Gradvis tok heimelaget over spelet og Alexander Jonassen tre store sjansar dei siste tjue minutta, men denne kvelden ville det seg ikkje framfor mål for den tidlegare Træff-spelaren. Enten stod keeper i vegen, eller så gjekk avslutninga like utanfor. Det var dermed Hødd2 som kunne vere mest nøgd med 0-0 til pause.

2. omgang starta som den første med Hødd2 som det førande laget. Fem minutt ut i omgangen fekk dei også ei korrekt straffe. Den sette Håkon Brautaset sikkert i nota. Norborg jobba seg nok ein gong inn i kampen og starta å produsere sjansar. Magnus Austbø Seth, Gard Rogne og Nikolai Jensen hadde alle gode sjansar, men ballen ville ikkje i mål. I det siste kvarteret fekk Hødd2 nokre farlege kontringar, men Da Silva viste seg fram med gode redningar. Dermed vart det med Brautaset sitt straffemål og 3 poeng til laget frå Ulsteinvik. Eit bittert tap for heimelaget som ikkje hadde tapt ein seriekamp i Uggedalen sidan 29. september 2017 då Godøy vann 4-5.

Laget: Neydson Da Silva – Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal, Akseli Kalermo, Elias Mordal (Fredrik Hurlen, 67) – Gard Rogne, Nikolai Jensen (Ruben Holmeset, 82), Jesper Vos (Ole Johan Urke, 72) – Magnus Austbø Seth, Alexander Jonassen, Patrik Hjelmseth.