Hødd2 – Norborg/Brattvåg2 0-2 (0-0)

Hødd2 – Norborg/Brattvåg2 0-2 (0-0)
4. divisjon, Høddvoll, 14.10.2019

Sjansar: 5-6
Cornere: 4-4
Avslutningar på mål: 8-6
Avslutningar utanfor: 6-3
Blokkerte avslutningar: 5-1

0-1 Alexander Jonassen (70)
0-2 Niklas Rekdal (86)

Etter sju strake tap lykkast endeleg Norborg/Brattvåg2 med å ta tre poeng. Kampen var jamn og spennande, men denne gong var oransjetrøyene best framfor kvart mål og kunne juble for ein herleg slitesiger.

Ingen av laga greidde å tilrive seg initiativet dei første 25 minutta. Norborg var sporadisk frampå ved Fredrik Hurlen – skot utanfor frå 13 meter, Akseli Kalermo – heading over etter frisparkinnlegg av Niklas Rekdal, og Alexander Jonassen – skot utanfor frå 15 meter etter at Ruben Holmeset sette han opp. Hødd2 hadde også eit par skot frå rundt 16 meter i denne perioden og testa keeper Neydson Da Silva skikkeleg ved eit høve.

Rundt halvtimen spelt tok Hødd2 grep om kampen og gjestane var på gyngande grunn fleire gongar, men Da Silva fekk vist sitt høge nivå og haldt stand. Norborg kunne dermed seie seg mest nøgd med uavgjort til pause.

Etter pause heva Norborg innsats og konsentrasjon, samstundes som den gode Hødd-spissen Peter Hasund vart tatt av bana. Fire minutt ut i omgangen såg dei fleste ballen på veg inn i lengste kryss då Ådne Hellandsvik fyrte av frå 17 meter, men keeper Joakim Goksøyr Ulstein strakk seg så lang han var og fekk redda til corner. Hødd2 viste mykje fint kombinasjonsspel, men greidde i denne omgangen ikkje å kome seg til klare sjansar. Det vart med avslutningar frå ufarleg område.

I dei siste tjue minutta fall avgjersla. Først tok Niklas Rekdal med seg ballen skrått inn i 16 meteren, dribla av eit par mann og fann Alexander Jonassen framfor mål som breisida ballen i nota til 0-1. Ein herleg prestasjon av Rekdal. Eit kvarter seinare var rollene snudd. Denne gong var det Jonassen som passa til Rekdal, men denne gong var målet på langt nær ferdigscora. Rekdal tok med seg ballen inn i 16 og plasserte den mellom keeper sine fingertuppa og lengste stolpe til 0-2. Rekdal var 2. omgangs store spelar, medan Da Silva var det før pause.

Sigeren gjer at Norborg/Brattvåg2 har alt i eigne hender til siste seriekamp. Går alle resultata vegen på fredag så er faktisk plassen allereie sikra. Då må Hareid tape for Larsnes/Gursken, Emblem tape for SIF/Hessa og Ørsta tape for Valder. Det skal noko til, men det er lov å håpe.

Siste seriekamp er borte mot Hareid fredag 25. oktober kl. 1830.

Laget: Neydson Da Silva – Tor Abelseth, Victor Pedersen, Akseli Kalermo, Emil Solnørdal – Gard Rogne, Niklas Rekdal, Ådne Hellandsvik, Alexander Jonassen – Ruben Holmeset (Jesper Vos, 51) (Siver Davik, 69), Fredrik Hurlen (Nikolai Jensen, 88).