Emblem – Norborg/Brattvåg2 2-5 (1-3)
4. divisjon, 23.05.2019
Sjansar: 5-15
0-1 Magnus Austbø Seth (10)
1-1 Marcus Steffensen (27)
1-2 Ådne Hellandsvik (29)
1-3 Magnus Austbø Seth (31)
1-4 Magnus Ansok Jenssen (57)
1-5 Magnus Ansok Jenssen (59)
2-5 Damian Alin-Constantin (72)
Emblem stod med tre strake sigrar og var framføre Norborg/Brattvåg2 på tabellen, men i dette oppgjeret var gjestane frå Haram klart best og tidvis rundspelte vertane. – Vi gjer ein sterk bortekamp og er solide over heile bana, sa trenar Kristian Søviknes.
Norborg brukte litt tid på å bli vande med det litt slitte kunstgrasdekket på Emblem, men fekk kampen inn i sitt spor då Magnus Austbø Seth sette inn leiarmålet då heimelaget sin keeper måtte gi retur. Emblem var stadig på etterskot og måtte ty til ulovlege midlar for å stoppe mangt eit angrep. Litt over halvvegs i omgangen greier dei likevel å utlikne då Marcus Steffensen kom seg igjennom på venstresida, avslutninga vart delvis blokkert for å berre skifte retning å gå inn ved lengste stolpe.
Gleda varte ikkje lenge for heimelaget. Fem minutt seinare stod det nemleg 1-3 til dei oransje. Først scora Ådne Hellandsvik etter at keeper først hadde redda eit forsøk frå straffemerket av Seth, så kombinerte Gard Rogne, Kristian Halvorsen og Magnus Austbø Seth seg gjennom Emblem sitt forsvar der sistnemnte scora sikkert. Stillinga 1-3 haldt seg til pause.
I 2. omgang var det innbytar Magnus Jenssen som viste seg fram. To minutter etter at han kom på bana sklir han inn 1-4 etter ei avslutninga mot mål av Seth. Så klinka han inn 1-5 frå 20 meter etter å ha blitt satt opp av Nikolai Jensen. Kampen var i realiteten avgjort før timen var spelt, men Emblem sin rumenske toppscorar Damian Alin-Constantin pynta på resultatet då han tok med seg ballen frå midtbana og skrudde den i vinkelen frå 18 meter.
Norborg/Brattvåg2 står med 10 poeng på dei 5 første kampane, og har verkeleg tatt nivået i 4. divisjon etter opprykket i fjor haust. Onsdag ventar Rollon i Uggedalen.
Laget: Benjamin Rørhus – Jesper Vos (Per Kristian Grytten Søvik, 82), Tor Abelseth, Kjell Terje Brusdal (Anders Toven, 88), Akseli Matias Kalermo – Ådne Hellandsvik (Ole Johan Urke, 62), Nikolai Jensen, Kristian Halvorsen, Gard Rogne (Marius Fylling Rogne, 84) – Magnus Austbø Seth (Ruben Holmeset, 90), Fredrik Hurlen (Magnus Jenssen, 55).