Stranda – Norborg/Brattvåg2 3-3 (1-1)
5. divisjon, Stranda stadion, 18.10.2018
Sjansar: 9-9
Cornere: 2-2
1-0 Tobias Hjelle (10)
1-1 Jesper Vos (45)
2-1 Kristupas Prismantas (59)
2-2 Magnus Austbø Seth (62)
3-2 Kristupas Prismantas (66)
3-3 Jesper Vos (77)
Norborg/Brattvåg2 vart krinsmeistrar ettersom Blindheim tapte for Langevåg, men sjølve kampen mot Stranda var ikkje like solid som vi har vore vande med i haust. Stranda hadde gjort heimeleksa si og passa godt på spiss Magnus Austbø Seth, samstundes som dei slo til med raske angrep. Heile tre gongar var Stranda i føringa, men Norborg/BIL2 sine spelarar skal ha honnør for god moral med å kome tilbake kvar gong. Poengdeling var eit greit utfall i ein kamp Norborg hadde ballen mest, men Stranda hadde like mange sjansar. Stranda er dermed det einaste laget Norborg ikkje har slått i år sidan kampen i Uggedalen enda med 4-4.
Norborg har ikkje slått Stranda sidan 2010 og med nokre spelarar borte frå den normale startoppstillinga i haust, ikkje minst hovudmotoren på midtbana Kristoffer Søviknes, så var det venta nok ein tøff kamp mot blåtrøyene.
Norborg hadde ballen mest mot eit godt organisert heimelag, som veksla mellom å ligge trygt på eigen halvdel å sideforskyve, eller presse høgt i flokk. Det var Norborg som kom seg til den første sjansen to minutt ut i kampen då Tarjei Urkedal stussa i bakrom til Per-Stian Alvestad. Alvestad vart pressa av ein stoppar og valde å skyte så snart han nærma seg 16 meteren. Diverre gjekk skotet eit par meter til side for mål. Mogeleg burde han ha tatt ei berøring til for å kome seg inn i 16 meteren.
Stranda kom så inn i ei god periode. I det 8. minutt kom dei seg rundt på høgrekanten og det gode innlegget fann ein medspelar på 7-8 meter, men avslutninga gjekk rett på keeper Rørhus. To minutt seinare måtte Rørhus plukke ballen ut av nettet då Norborg er passive på eit innlegg etter dødball. Tobias Hjelle fekk tid og rom til å ta ned ballen, vende opp og skyte i mål frå 12-13 meter.
I minutta etter målet vart både Gard Rogne og Per-Stian Alvestad spelt fram til avslutningar, med Rogne sitt gode forsøk frå 18 meter vart godt redda av keeper, medan Alvestad sleiva ballen utanfor med eit leggskot frå god posisjon. Stranda var heller ikkje ufarlege og var åleine med keeper ti minutt før pause, men Benjamin Rørhus redda med ein flott beinparade.
Mot slutten av omgangen pressa Norborg på for utlikning. Magnus Austbø Seth var nær mål etter flotte kombinasjonar, men skotet gjekk like over. Sekunder før pause tok Seth på seg assistrolla då han la tilbake til Jesper Vos, som med eit presist skot frå 14 meter sette ballen i nota. Dermed 1-1 til pause.
Fire minutt ut i 2. omgang burde Vos også fått notert ei målgjevane då han kom seg rundt på kanten og fann Per Kristian Helle Hildre framfor mål, men spelaren som har 32 mål på 16 G16 kampar i år måtte sjå avslutninga frå 3 meter gå i innsida av stolpen og trille langs streken før Stranda sin keeper fekk fanga ballen. Då lukkast Stranda sin Kristupas Prismantas betre med si avslutning då han fekk eit innlegg på bakerste stolpe og breisida den i nettet. Gleda varte ikkje lenge for heimelaget, for tre minutt seinare la Marius Fylling Rogne perfekt inn til Magnus Austbø Seth sitt hovud og 2-2.
Norborg styrte kampen dei neste minutta, men så er keeper Rørhus uheldig då han rykker ut for å klarere eit langt oppspel. Han bommer på ballen og Prismantas viser ingen nåde og setter ballen i tomt mål. Norborg heng litt med hovudet dei neste minutta, men jobber seg nok ein gong inn i kampen og utliknar til 3-3 etter at Tor Abelseth slo eit frispark inn i Stranda sin 16 meter. Etter litt ping-pong inne i feltet kom ballen til Jepser Vos, som sette den i mål. Norborg fekk to sjansar til å ta føringa dei siste ti minutta ved Abelseth og Seth, men begge avslutningane gjekk like utanfor. På overtid så var Stranda nærmast, men kampen ebba ut med 3-3. Alt i alt eit rettvist resultat.
Norborg sin bestemann var Jesper Vos. Han var tydeleg spelsugen etter nokre veker på sidelinja med lyskestrekk. Han løfta Norborg då han kom inn ti minutt før pause og ved sidan av to mål var han drivkrafta bak fleire av dei oransje angrepa. Ei stjerne i margen også til unge Siver Davik som spelte sin første seriekamp frå start på ein uvand venstrebackposisjon. Elles må vi vel seie at dei fleste andre har hatt betre kampar, men vi har kanskje vore litt blasert i det siste etter mange gode prestasjonar og forventar mykje. Eitt poeng borte mot eit godt heimelag som Stranda er ikkje så verst når alt kjem til alt.
Torsdag 25. oktober kl. 1830 spelast årets siste kamp då Guard kjem til Uggedalen.
Laget: Benjamin Rørhus – Siver Davik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne – Ole Johan Urke (Magnus Jenssen, 67), Gard Rogne, Tarjei Urkedal, Vidar Nilsen Rogne (Jesper Vos, 36) – Magnus Austbø Seth, Per-Stian Alvestad (Per-Kristian Helle Hildre, 36) (Markus Sønderland Hurlen, 78).