Skodje – Norborg/Brattvåg2 3-1 (0-0)
5. divisjon, Skodje KGB, 31.05.2018
Sjansar: 6-7
Cornere: 8-4
1-0 Eivind Erstad (str. 51)
2-0 Eivind Erstad (54)
2-1 Per-Stian Alvestad (78)
3-1 Leander Sortehaug (94)
Skodje tok sin første siger over Norborg på over 30 år når dei sende oransjetrøyene heim med 3-1 tap i bagasjen. Skodje ville mest og vann difor fortent etter tre dødballmål.
Vi ana før kampen at dette kunne bli eit bananskal sidan tre av dei mest rutinerte var borte grunna sjukdom og skade. Laget som starta kampen skulle likevel på papiret vere godt nok til å ta heim tre poeng. Norborg opna også best og både Per-Stian Alvestad og Magnus Austbø Seth kom seg til ein sjanse kvar. Alvestad sitt forsøk vart til og med stoppa på streken. Norborg hadde ein del ball, men vart tammare og tammare offensivt. Sju minutt før pause fekk vi det første skremmeskotet frå heimelaget, og det var sjølvsagt på ein dødball. Corneren vart slått hardt inn der Leander Sortehaug kom seg fri på bakarste, men headinga gjekk lite utanfor. To minutt før pause var Alvestad frampå for Norborg, men han traff ikkje ballen skikkeleg og Skodje fekk klarert. Alt i alt ein keisam 1. omgang for dei om lag 100 frammøtte der Norborg var hakket best.
Etter pause stod Skodje høgare i bana og fekk opp aggressiviteten. Dette gav rask suksess, og etter å først ha svidd ein sjanse fekk dei sjansen frå kritmerket. Straffa var svakt plassert av Eivind Erstad, men så hard at den smaug seg inn under keeper Joakim Kjærstad. To minutt seinare doblar same mann leiinga då han heada inn ein corner.
Norborg spelte ein skikkeleg møkkakamp, men både Alvestad og Seth hadde forsøk som kunne gitt mål. Det same hadde Ådne Hellandsvik då han teste skotfoten frå 30 meter, men ballen small i stolpen. I 78. minutt reduserte Per-Stian Alvestad etter pasning frå Seth. Alvestad fekk også sjansen til å utlikne, men headinga gjekk like utanfor. Tor Abelseth vart flytta fram på bana i ssluttminutta og fekk ein brukbar sjanse i det 89. minutt, men lobben gjekk rett i klypene til keeper.
På overtid var Skodje best. Først trefte Erstad tverra på eit frispark. Så heada Leander Sortehaug inn 3-1 etter å ha gitt Toven to strake hender i ryggen. Eit mål som heilt klart burde ha blitt annullert.
Skodje la opp til krig i 2. omgang, og når Norborg mangla sine tre fremste hærførarar så vart det tøft. Vi dveler ikkje meir med kampen og ser fram til Langevåg kjem på besøk torsdag 8. juni.
Laget: Joakim Kjærstad (Benjamin Rørhus, 77) – Anders Toven, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth – Vidar Nilsen Rogne (Ole Johan Urke, 35) (Alvestad, 72), Jesper Vos (Larsen, 86), André Larsen (Tobias Faksvåg, 66), Gard Rogne, Ådne Hellandsvik – Per-Stian Alvestad (Nilsen Rogne, 60), Magnus Austbø Seth.