Norborg/Brattvåg2 – Volda2 7-1 (5-1)
5. divisjon, Uggedal stadion, 30.08.2018
Sjansar: 14-2
Cornere: 8-5
0-1 Sindre Osdal (8)
1-1 Jesper Vos (20)
2-1 Per-Stian Alvestad (24)
3-1 Magnus Austbø Seth (28)
4-1 Magnus Austbø Seth (29)
5-1 Per-Stian Alvestad (34)
6-1 Tarjei Gjerset Urkedal (50)
7-1 Ruben Grytten Holmeset (84)
Gjestane frå Volda tok leiinga, men så vakna heimelaget og punkterte i realiteten kampen då Per-Stian Alvestad sette inn 5-1 målet i det 34. minutt. Norborg/BIL2 dominerte stort og kunne med litt meir presisjon ha vunne med større siffer.
Volda2 er eitt av to lag som har slått Norborg i år, og med tanke på at Norborg “aldri” vinn ein kamp utan Kristoffer Søviknes, så var det knytt spenning om oransjetrøyene kunne fortsette si sigersrekke. Det starta heller ikkje bra for Norborg. Innsatsen og løpsvilja var langt under pari. At ingen gadd å springe ut mot ein tilsynelatande ufarleg ball ned mot hjørneflagget gav også Volda2 ein enkel jobb å score. Markus Pedersen var påskrudd å henta ballen nede ved kortlinja, tok eit par berøringar og fann Sindre Osdal framfor mål som sette inn 0-1.
Målet var ein vekkar for heimelaget. Innsatsen tok seg opp og samhandlinga vart betre. Så starta også måla å renne inn. 1-1 kom i det 20. minutt då Jesper Vos avslutta med eit presist skot inne ved lengste stolpe etter pasning frå Tarjei Urkedal. Fire minutt seinare fekk ikkje Volda2 klarert eit frispark og ballen kom til ein liggande Per-Stian Alvestad, som fekk eit godt treff frå om lag straffemerket og ballen fyk i nota. Fire minutt seinare fekk vi dagens vakraste mål då Magnus Austbø Seth med ryggen mot mål tok ned eit oppspel frå Vegard Ulvestad Sætre på brystet, tverrvende og skyt kontant i nota til 3-1. Allereie minuttet seinare fekk Seth eit nytt oppspel, denne gong frå Tor Abelseth. Med ei fin berøring tok han med seg ballen mot mål og sette inn 4-1. Dryge ti minutt før pause får Seth notert seg for ei målgjevande då ballen treff han og sprett inn til Per-Stian Alvestad, som feier ballen i nota. Flott avslutning og flott oppbyggande spel av Norborg med mange pasningar før ballen vart slått inn i feltet. Etter fem mål på femten minutt roa Norborg seg inn mot pause.
Norborg dominerte også i 2. omgang sjølv om Volda2 tidvis fekk låne ballen litt meir. Effektivitet var likevel ikkje like god for oransjetrøyene som før kvila. To mål vart det likevel. Eitt tidleg i omgangen då Tarjei Gjerset Urkedal heada inn ein corner frå Ole Johan Urke, og eitt seint då Ruben Holmeset fekk stå heilt åleine på 12 meter og prikke inn 7-1 etter pasning frå Magnus Austbø Seth. Mellom måla så misbrukte Norborg 3-4 store sjansar, men totalt 7 mål på 14 sjansar er bra.
Tarjei Urkedal, Magnus Austbø Seth, Vegard Ulvestad Sætre og Tor Abelseth var dei som fekk flest plussar i margen denne gong.
-Kampen starter litt ukonsentrert og vi får ein vekker i sekken frå Volda. Vi hever oss etter dette og den halvtimen vi gjer etter 0-1 målet er veldig bra. Då får vi intensitet, tempo og bevegelse i det vi gjer. Vi bytter mykje i andre omgang å let alle sleppe til med bra speletid. Totalt sett ein ny solid kamp og tre veldig fortente poeng, sa trenar Kristian Søviknes.
Blindheim og Norborg/BIL2 har fått ei lita luke i toppen av tabellen og møtast til kamp førstkomande torsdag kl. 1830 på Blindheim KGB. Der har det kome ny tribune, så vi håper mange tek turen for å støtte Norborg/BIL2 og teste ut fasilitetane.
Laget: Benjamin Rørhus – Nikolai Jensen (Marius Fylling Rogne, 62), Kjell-Terje Brusdal (Lars Mikalsen, 80), Tor Abelseth (Ruben Holmeset, 80), Vegard Ulvestad Sætre – Ole Johan Urke (Magnus Jenssen, 62), Tarjei Urkedal (Siver Davik, 66), Gard Rogne, Jesper Vos (Vidar Nilsen Rogne, 54) – Magnus Austbø Seth, Per-Stian Alvestad (Anders Toven, 66).