Norborg/Brattvåg2 – Stranda 4-4 (0-3)
5. divisjon, Uggedal stadion, 21.06.2018
Sjansar: 11-7
Cornere: 4-4
0-1 Kristupas Prismantas (35)
0-2 Eimantas Simanauskas (37)
0-3 Tobias Hjelle (str. 45)
0-4 Edvinas Sagalovas (50)
1-4 Gard Rogne (65)
2-4 Tarjei Gjerset Urkedal (68)
3-4 Kristoffer Søviknes (81)
4-4 Kristoffer Søviknes (89)
Det vart ein utruleg kamp på Uggedal stadion torsdag kveld då topplaga Norborg/BIL2 og Stranda møttes. Heimelaget kom best i gong og dominerte spelet utan å score. Ti minutt før pause scora Stranda på sin første sjanse, og fortsette å score til det stod 0-4 fem minutt ut i 2. omgang. Då vakna endeleg heimelaget, og på dei siste 25 minutta henta ein opp Stranda si leiing og behaldt eitt poeng.
– Vi starta kampen greit, men eg sakna likevel meir trøkk i den perioden vi styrer. Dei siste tjue inn mot pause er grusomme. Vi ramla totalt saman. Har null duellvilje og gjer grove feil. Vi får også ein i fleisen kort tid etter pausa, men viser god moral og står verkeleg på for å få noko ut av kampen. Fullt fortent når utlikninga var eit faktum, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Sjølv om bautaen Elling Mikal Kalvø mangla, så tør vi påstå at Norborg/BIL2 på papiret stilte sitt sterkaste mannskap for året. Det såg også slik ut i starten av sjølve kampen. Heimelaget dominerte og Magnus Austbø Seth kom seg til eit par sjansar i løpet av dei første tjue minutta. Vi føler likevel at Norborg burde ha skapt meir når vi ser på ballinnehav, men Stranda er fysisk sterke og verna sin eigen 16 meter godt.
Så måtte ein anna forsvarsbauta i Norborg gi seg. Tor Abelseth fekk seg ein kakk på oppvarminga og måtte gi seg eit stykke ut i 1. omgang. Med sine to mest fysiske spelarar ramla Norborg totalt saman mot det fysisk sterke Stranda-laget. Gjestane kom seg gradvis meir og meir fram på bana og ti minutt før pause sette Kristupas Prismantas eit i første augekast ufarleg innlegg i mål i kamp med keeper. Som ikkje det var nok, 0-2 kom på hjørnespark like etter då Eimantas Simanauskas stussa ballen i nota bak eit passivt heimeforsvar. Norborg var sjokka, og meir sjokkert skulle ein bli. Denne gong over at dommar Eldevik ikkje dømde straffe då Adnan Dudic vart felt innanfor 16 meteren. Fem minutt seinare fekk vi ein liknande situasjon i motsett straffefelt, som det vart dømd straffe på. Straffa sette Tobias Hjelle i nota heilt oppe ved krysset. Dermed 0-3 til pause.
Stranda har fysikk over heile linja og fem minutt ut i 2. omgang scora dei sitt andre mål på corner. Denne gong ved Edvinas Sagalovas. 0-4, og eit håplaust utgangspunkt for dei oransje. Så gjer Norborg eit grep som skulle få konsekvensar. Ein la om til 3 mann bak og Matias Vatneødegård kom inn på sentral midtbane. Han skulle dominere stort med kløkt og sikker pasningsfot. Norborg tok totalt over og både Tarjei Urkedal og Magnus Austbø Seth fekk høve til å redusere dei neste minutta utan å lykkast.
I det 64. minutt ville Stranda ha keeper Rørhus utvist for å ha stoppa Prismantas på 30 meter. Dommar Eldevik er ikkje einig og vurderer at keeper tek ballen før det blir kollisjon med den robuste spissen. Like etter denne situasjonen tek Norborg si fantastiske opphenting til. Gard Rogne sette inn 1-4 på eit skot frå 16 meter etter pasning frå Urkedal. Tre minutt seinare scorar Tarjei Urkedal sjølv på eit skot frå 13 meter, som endra retning i ein forsvarar. Kristoffer Søviknes sette inn 3-4 på eit skot frå 15 meter etter pasning frå Seth. For øvreg Norborg sitt seriemål nummer 2100 sidan 1968. Norborg pressa på for utlikning, og like før slutt snappa Kristoffer Søviknes opp ei dårleg klarering frå keeper. Søviknes tok seg god tid og prikka ballen i nota frå 25 meter til 4-4. Den utrulege opphentinga var eit faktum. På overtid vart det mest hent i hei og ingen av laga greidde å skape det heilt store.
Stranda har grunn til å vere skuffa over å ha rota bort ei 4-0 leiing, men ser vi kampen under eitt så var Norborg det beste laget i brorparten av kampen. Fintellinga viser 11-7 i sjansar til Norborg og ein hadde ballen mest. Norborg kan vere glade for si opphenting, men skuffa over kollapsen ein hadde inn mot pause. Bestemannsprisen gir vi til Kristoffer Søviknes. Han leverte ikkje varene før pause, men når han kom seg lenger fram på bana, så var han ein gigant. Skryt også til Matias Vatneødegård som leika seg i dei førti minutta han fekk.
Neste kamp er borte mot Guard onsdag 27. juni på Color Line stadion.
Laget: Benjamin Rørhus – Ådne Hellandsvik, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth (Vidar Nilsen Rogne, 18), Ole Johan Urke (Matias Vatneødegård, 53) – Adnan Dudic (Jesper Vos, 46) (Magnus Jenssen, 81), Kristoffer Søviknes, Joakim Barstad (Nikolai Jensen, 46), Gard Rogne – Per-Stian Alvestad (Tarjei Urkedal, 46), Magnus Austbø Seth.