Norborg/Brattvåg2 – Skodje 8-0 (4-0)
5. divisjon, Uggedal KGB, 27.09.2018
Sjansar: 18-5
Cornere: 14-7
1-0 Kristoffer Søviknes (5)
2-0 Kristoffer Søviknes (12)
3-0 Magnus Austbø Seth (13)
4-0 Joakim Barstad (44)
5-0 Kristoffer Søviknes (50)
6-0 Ole Johan Urke (61)
7-0 Magnus Austbø Seth (67)
8-0 Magnus Austbø Seth (88)
Dei oransje fortsette sin sigersmarsj i 5. divisjon då nabo Skodje vart satt på plass med 8-0. Heimelaget gjekk voldsomt ut og leia 3-0 før kvarteret var spelt. Etter dette var det meir variabelt, men med 4-0 like før pause var kampen punktert. Skodje hadde sine sjansar, men det var likevel heilt greitt at Norborg/BIL2 vann med 8 mål.
Skodje er eitt av to lag som har slått Norborg i år, men sidan sist gong har formkurvene peika kvar sin veg. Norborg har stått fram som divisjonens klart beste lag, medan Skodje har falle mot midten. Norborg-trenar Kristian Søviknes var sist helg i Liverpool og det var tydeleg at han hadde tatt med seg gegenpress fotballen frå Anfield til Uggedalen. Norborg gjekk ut i 100 og vann ballen høgt gong på gong, men etter å ha haldt ballen inne på Skodje sin halvdel i fire minutt glapp det då Norborg-stoppar Brusdal sov eit sekund og vart overraska over Skodje-spelar Adrian Korsedal Strand si fart. 17-åringen vann ballen og storma mot mål, men avslutninga gjekk i stolpen og ut.
I staden for 0-1 går Norborg opp i 1-0 halvminuttet seinare på eit omdiskutert mål då Ole Johan Urke sitt skot vart snappa opp av ein mogeleg offside-plassert Magnus Austbø Seth. Han spelte ballen ut til Kristoffer Søviknes som sette ballen i nota. Dommar Steinar Hjelle tok ein kjapp prat med assistentdommaren sin før han dømde mål.
Norborg fortsette å dominere kampen og utan at vi skal blande oss opp i Skodje sin taktikk, så var det nok ein liten blunder å starte med Eivind Erstad som spiss og ikkje stoppar. Norborg fekk dermed fine tilhøve offensivt, medan Erstad var arbeidsledig spiss. 2-0 må Ruben Holmeset få mesteparten av æra for. Han fekk ballen ute på høgrekanten, tok med seg ballen inn i bana og spelte fri Kristoffer Søviknes. Åleine med keeper gjorde han ingen feil å plasserte ballen trygt i mål. Minuttet seinare auka Magnus Austbø Seth då han fekk ein stikkar frå Tarjei Urkedal og tok med seg ballen skrått mot mål før han banka den i nettaket.
Etter god utteljing det første kvarteret starta heimelaget å sløse med sjansane. Eit par stolpetreff, headingar utanfor mål og eit par gode redningar frå keeper hindra mål. Intensiteten gjekk også ned, men ein hadde stort sett god kontroll bakover. Norborg har i år hatt temmeleg god utteljing på corner med mål på kvar tiande. I denne kampen vart det mål på den tolvte då Joakim Barstad raga høgast å heada inn serven frå Ole Johan Urke. Dermed 4-0 til pause. Ei leiing som burde ha vore langt større basert på spel og sjansar. Vi telte 11-2 i store sjansar.
Adrian Strand fekk også den første sjansen etter pause, men lobba over både keeper og mål. Sjølve omgangen vart rolegare enn den første, men effektiviteten til Norborg var betre med nye fire mål. Denne gong på sju sjansar. I det 50. minutt vann venstreback Nikolai Jensen ballen høgt i bana og spelte ein nydeleg stikkar til Kristoffer Søviknes i bakrom. Han rykte frå forsvaret, runda keeper og sette ballen i tomt mål. Søviknes har stort sett spelt sentral midtbane i år, men den tidlegare spissen har likevel satt personleg scoringsrekord med 13 mål. Fem av dei har kome som spiss i denne kampen og siste kvarteret mot Ellingsøy sist veke.
Ole Johan Urke putta 6-0 etter innlegg frå Tarjei Urkedal, medan Magnus Austbø Seth heada inn 7-0 etter at ein corner frå Urke vart heada inn til Seth av Søviknes. Like før slutt fullførte Seth sitt hat-trick etter pasning frå Søviknes.
Ei solid gjennomføring av Norborg/BIL2. Ein var før kampen fokusert på at eit tidleg mål var vitalt mot eit normalt godt organisert lag frå Skodje. Ein fekk tre, og dermed gode arbeidstilhøve for raske Norborg-angriparar mot ein motstandar som gav frå seg mykje bakrom. Kampen likna dermed mykje på kampen mot Ellingsøy. Best på heimelaget syns vi Kristoffer Søviknes var. Han scora tre, hadde ei målgjevande og vann mange duellar.
To klubbrekordar vart også satt. Først passerte ein målrekorden frå 1992 på 77 mål då Ole Johan Urke satte inn 6-0, så haldt ein nullen for åttande gong i ein sesong. Magnus Austbø Seth tok over 1. plassen på toppscorarlista i 5. divisjon sidan Bjørnar Holen ikkje spelte for Sæbø i kveld. Seth har 18, Holen 17 mål. Seth leverte også denne gong ein solid kamp og er ein handfull for eit kvart forsvar med teknikk og fart.
Sidan Langevåg vann 1-0 over Herd2 er ikkje opprykket heilt sikra, men med 9 poeng og 35 mål å gå på framfor dei fire siste så ser det veldig lyst ut. Nettopp Langevåg er motstandar neste torsdag.
Laget: Henrik Hansen – Nikolai Jensen, Kjell Terje Brusdal (Abelseth, 79), Joakim Barstad, Tor Abelseth (Marius Fylling Rogne, 69) – Ole Johan Urke (Seth, 79), Gard Rogne, Tarjei Urkedal (Markus Hurlen, 79), Ruben Holmeset (Thomas Aarsund, 57) – Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 69).