Norborg/Brattvåg2 – Sæbø 6-0 (3-0)

Norborg/Brattvåg2 – Sæbø 6-0 (3-0)
5. divisjon, Uggedal stadion, 23.08.2018

Sjansar: 16-1
Cornere: 10-0

1-0 Kristoffer Søviknes (10)
2-0 Kristoffer Søviknes (21)
3-0 Tor Abelseth (25)
4-0 Vidar Nilsen Rogne (53)
5-0 Tarjei Gjerset Urkedal (58)
6-0 Vidar Nilsen Rogne (85)

Norborg dominerte frå start til slutt og vann komfortabelt over botnlaget Sæbø. Etter å ha svidd eit par sjansar opna Kristoffer Søviknes scoringsballet med å heade inn eit frispark frå Ole Johan Urke. Desse to skulle også stå bak Norborg sitt andre mål. Denne gong heada Søviknes inn ein corner frå Urke. Tor Abelseth auka leiinga på eit skot frå nærmare 30 meter då han snappa opp ein retur frå eit frispark han slo sjølv. Keeper såg ut til å ha full kontroll på skotet, men ballen smatt mellom både hender og føter og gjekk i nota. Norborg dabba av mot pause og 3-0 stod seg.

Etter kvila gjekk ein nok ein gong hardt ut og auka to gongar på under eit kvarter. Først sette Vidar Nilsen Rogne ballen i tomt mål etter ei kontring av Magnus Austbø Seth, så klinka Tarjei Gjerset Urkedal inn 5-0 på volley etter legg av Nilsen Rogne. Norborg-veteranen har verkeleg funne målforma og har sora i fire kampar på rad. Norborg pressa på for fleire mål, men det vart berre med eitt fem minutt før slutt då Vidar Nilsen Rogne scora frå ti meter etter pasning frå Magnus Jenssen.

Norborg tok dermed sin tredje strake siger og held følgje med Blindheim på toppen av tabellen. Det mest imponerande er at ein har heile 17-0 i målskilnad på desse tre kampane. Dette var også den 7. kampen i år Norborg haldt nullen. Det er tangering av rekordåra 1992 og 1996.

Neste kamp for Norborg/BIL2 er heime mot Volda2 torsdag kl. 1830.

Laget: Benjamin Rørhus – Nikolai Jensen, Kjell-Terje Brusdal (Jonas Holmeset, 71), Tor Abelseth (Anders Toven, 57), Ole Johan Urke (Marius Fylling Rogne, 67) – Gard Rogne (Magnus Jenssen, 71), Tarjei Gjerset Urkedal (Siver Davik, 67), Kristoffer Søviknes (Brusdal, 87), Thomas Aarsund (Vidar Nilsen Rogne, 31) – Jesper Vos (Per-Stian Alvestad, 59), Magnus Austbø Seth (G.Rogne, 87).