Norborg/Brattvåg2 – Lepsøy 2-3

Norborg/Brattvåg2 – Lepsøy 2-3 (2-2)
Treningskamp, Uggedal KGB, 08.03.2018

Sjansar: 9-6

0-1 ? (7)
1-1 Gard Rogne (10)
1-2 ? (13)
2-2 Per-Stian Alvestad (15)
2-3 ? (70)

Norborg leverte ei svak førestilling mot 6. divisjonslaget Lepsøy under gode speletilhøve i Uggedalen. Det første kvarteret var særs målrikt der heimelaget slo tibake kvar gong Lepsøy tok føringa. Men då Lepsøy igjen tok leiinga 20 minutt før slutt greidde ikkje Norborg å overliste gjestane sin målvakt trass nokre store sjansar. Store sjansar var det også andre vegen på slutten med både skot i stolpen og bom for opent mål.

Laget: Benjamin Rørhus – Elling Mikal Kalvø, Tor Abelseth, Anders Toven, Nikolai Jensen, Vidar Nilsen Rogne (Magnus Jenssen, 46) (Lars Mikalsen, 77), Gard Rogne, Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik (Per-Kristian Grytten Søvik , 65), Jesper Vos, Per-Stian Alvestad (Per-Kristian Helle Hildre, 65).