Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 3-2 (3-1)

Norborg/Brattvåg2 – Langevåg 3-2 (3-1)
5. divisjon, Uggedal stadion, 07.06.2018

Sjansar: 5-5
Cornere: 3-1

0-1 Sebastian Nordal (11)
1-1 Magnus Austbø Seth (26)
2-1 Elling Mikal Kalvø (29)
3-1 Magnus Austbø Seth (39)
3-2 Daniel Dybvik Määtä (51)

Norborg vann det viktige toppoppgjeret mot Langevåg og er tilbake på opprykksplass. Laga hadde kvar sin omgang i ein relativt sjansefattig kamp.

Norborg var best før kvila og hadde mykje ball. Ein sleit likevel med å kome seg til sjansar dei første 25 minutta. Langevåg på si side kom seg til ein sjanse på heile omgangen og den enda i mål då Sebastian Nordal kom seg fri og scora sikkert åleine med keeper.

I dei siste tjue minutta før pause snudde Norborg kampen med tre scoringar. Magnus Austbø Seth utlikna då han jaga eit langt oppspel frå Tor Abelseth og nådde ballen framføre ein nølande keeper. Frå skrå vinkel klinka Seth ballen opp i nettaket til 1-1. Kort tid etter gav Elling Mikal Kalvø Norborg leiinga då han heada Jesper Vos sitt innlegg/skotforsøk i nota frå kloss hald ved bakre stolpe. Norborg var no skikkeleg på hogget og Seth var nære ved å auke leiinga etter ein godt slått corner av Ole Johan Urke. Headinga frå Seth gjekk like utanfor. Seth skulle likevel auke leiinga då vi nærmast fekk reprise av hans første mål. Denne gong var det André Larsen som banka ballen i bakrom. Seth sprang frå forsvaret og scora sikkert åleine med keeper. Norborg leia dermed fortent 3-1 til pause.

Norborg har denne våren hatt sin svakaste periode det første kvarteret av 2. omgang. Så også i denne kampen. Langevåg tok tak i kampen og fekk ei tidleg redusering då Daniel Dybvik Määtä sitt skot frå 30 meter gjekk i mål. Keeper Benjamin Rørhus hadde nok redda dette skotet i 99 av 100 tilfeller, men diverre ikkje denne gong. Truleg grunna sol i augene.

Norborg skapte lite i denne omgangen, men Magnus Austbø Seth var nær å auke leiinga i det 58. minutt. Berre ei god redning frå keeper hindra mål. Langevåg er hakket best i denne omgangen utan å skape dei klare målsjansane før vi nærmar oss slutten av kampen. I løpet av kampen sine fire siste minutt skapte Langevåg tre sjansar på dødball. Først heada Vinjar Vedde like utanfor. Så tok keeper Rørhus fram ei særs god redning oppe ved vinkelen på Dybvik sitt frispark frå 18 meter. Den påfølgjande corneren vart heada mot mål, men Kristoffer Søviknes var på plass og fekk klarert.

Norborg kunne dermed juble for tre viktige poeng i ein slitekamp.

Neste oppgåve er borte mot Hovdebygda 14. juni.

Laget: Benjamin Rørhus – Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Anders Toven, 64) – Ådne Hellandsvik (Jonas Holmeset, 62) (Vos, 84), Kristoffer Søviknes, Nikolai Jensen (Larsen, 76), Jesper Vos (Vidar Nilsen Rogne, 62) (Tobias Faksvåg, 84) – André Larsen (Magnus Jenssen, 64), Magnus Austbø Seth.

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Assistentar: Tove Marie Tandstad (VRF) og Kristoffer Nevstad (Aksla)