Norborg/Brattvåg2 – Hovdebygda 8-1 (3-0)
5. divisjon, Uggedal KGB, 11.10.2018
Sjansar: 12-2
Cornere: 10-1
1-0 Per-Stian Alvestad (7)
2-0 Magnus Austbø Seth (30)
3-0 Magnus Austbø Seth (40)
4-0 Kristoffer Søviknes (56)
5-0 Tarjei Urkedal (63)
5-1 Markus Håndlykken (str. 68)
6-1 Magnus Austbø Seth (71)
7-1 Magnus Austbø Seth (90)
8-1 Magnus Austbø Seth (90+1)
Norborg/BIL2 fortsette sigersrekka og tok i kveld sin 10. strake då Hovdebygda vart slått 8-1. Det lugga litt i sjølve spelet, men effektiviteten var særs god. Ikkje minst av Magnus Austbø Seth som vart kampens store spelar med 5 mål.
Norborg tok tidleg leiinga etter at Kristoffer Søviknes fossa fram på høgresida og la inn. Ein Hovdebygda-spelar var først på ballen, men den gjekk til Per-Stian Alvestad som sette den presist i mål frå 14 meter. Norborg fekk lite til dei neste tjue minutta, men hadde full kontroll defensivt. Mot slutten av omgangen fekk ein betra angrepsspelet og auka to gongar ved Magnus Austbø Seth. Først etter ein stikkar inn i 16 meteren av Nikolai Jensen. Seth tok ballen med seg skrått inn mot mål og sette den oppe ved lengste kryss. Så spelte han veggspel med Jensen, drog av eit par mann å scora sikkert. Norborg skapte eit par store sjansar på slutten av omgangen, men 3-0 stod seg til pause.
Norborg var også det beste laget etter kvila. Kristoffer Søviknes auka til 4-0 då han prikka ballen i mål ved høgre stolpe frå 16 meter etter pasning frå Ole Johan Urke. Så var Søviknes i servitørrolla då det låge innlegget hans nådde Tarjei Urkedal ved bakerste stolpe. Han sette enkelt inn 5-0. Hovdebygda trua sjeldan Norborg sitt mål, men halvvegs ut i omgangen tok keeper Rørhus mannen og ikkje ballen då han prøvde å bokse ut eit innlegg. Dommaren bles for straffe og Markus Håndlykken fekk redusere til 5-1.
Magnus Austbø Seth går for toppscorartittelen i 5. divisjon og auka aksjeposten sin på den med tre nye mål på slutten av kampen. 6-1 og 7-1 kom etter forarbeid av Kristoffer Søviknes før han plukka ned eit langt oppspel av Lars Mikalsen, tok med seg ballen inn mot mål og klinka ballen under tverra til 8-1.
8-1 er sjølvsagt eit godt resultat uansett om Hovdebygda stilte svekka til denne kampen. Ikkje minst sidan opprykket allereie var sikra sist veke. Banens beste var sjølvsagt Magnus Austbø Seth.
Neste kamp er borte mot Stranda torsdag 18. oktober.
Laget: Benjamin Rørhus – Nikolai Jensen (Lars Mikalsen, 80), Kjell Terje Brusdal (Anders Toven, 64), Tor Abelseth, Marius Fylling Rogne (Tobias Vatle Faksvåg, 86) – Ole Johan Urke (Markus Sønderland Hurlen, 80), Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal (Vidar Nilsen Rogne, 64), Ruben Holmeset (Siver Davik, 80) – Magnus Austbø Seth, Per-Stian Alvestad (Magnus Jenssen, 69).