Norborg/Brattvåg2 – Fjørtoft 6-2 (1-0)

Norborg/Brattvåg2 – Fjørtoft 6-2 (1-0)
5. divisjon, Uggedal stadion, 13.09.2018

Sjansar: 12-3
Cornere: 4-4

1-0 Vegard Ulvestad Sætre (43)
2-0 Kristoffer Søviknes (46)
3-0 Sjølvmål (49)
4-0 Thomas Aarsund (60)
5-0 Magnus Austbø Seth (72)
6-0 Sjølvmål (79)
6-1 Sjølvmål (85)
6-2 Steffen Grytten (90)

Norborg/Brattvåg2 stanga lenge mot Fjørtoft, men ei forløysande scoring like før pause av Vegard Sætre la grunnlaget til ein ny storsiger. Dei oransje avgjorde kampen med tidlege mål etter pause og ga seg ikkje før halvdusinet. I sluttminutta var det stor strekk i begge lag og Fjørtoft fekk pynte på resultatet med to mål. Ein fortent siger til Norborg/BIL2 på ein litt sløv dag.

Topp mot botn i Uggedalen torsdag kveld, men det var ikkje ein kamp heimelaget tok lett på sidan Fjørtoft består av mange tidlegare Norborg-spelarar frå den gong laget spelte i 3. og 4. divisjon. Heimelaget gjekk aggressivt til verks mot eit særs defensivt gjestelag. Eit par sjansar vart også skap, men utan resultat. Etter kvart fall nivået på Norborg og Fjørtoft fekk starte å trille ball. Martin Løken Lie fekk også ein sjanse til å gi Fjørtoft leiinga, men skotet hans frå skrått hald gjekk like til side for mål. Medan ein i starten greidde å halde ballen på bakken, starta Norborg oftare og oftare å ty til ein lang ball opp i 16 meteren. Der fekk Hans Edvard Nordang stå å heade ut eller ta ned ballen. Eit par minutt før pause skulle vi endeleg få sjå eit godt angrep på venstresida. Ballen vart slått inn og avslutta på mål, men Nordang fekk redda på strek. Ballen gjekk ut til Vegard Ulvestad Sætre som klinka ballen i lengste hjørne til fortent leiing i ein omgang der heimelaget verka meir og meir frustrert mot eit bortelag som berre var ute etter å halde tempoet nede.

Norborg/BIL2 gjekk hardt ut etter kvila og fekk betalt med to mål på under fire minutt. 2-0 kom etter at Thomas Aarsund først klinka ballen i krysstanga og den fauk ut til Adnan Dudic. Han spelte inn til Kristoffer Søviknes som prikka ballen inn frå 16 meter. 3-0 vart satt i eige mål av ein Fjørtoft-spelar etter corner frå Ole Johan Urke. Med desse måla var kampen i realiteten punktert og Norborg fekk kose seg. Etter timen spelt auka Thomas Aarsund til 4-0 då han tuppa inn eit oppspel frå Kristoffer Søviknes. Magnus Austbø Seth auka til 5-0 då han heada inn eit innlegg frå Marius Fylling Rogne. Ti minutt før slutt er det ping pong i Fjørtoft sin 5 meter etter ei avslutning frå Per-Stian Alvestad. Det heile ender med eit sjølvmål. I sluttminutta pynter Fjørtoft på resultatet med to mål. Først på eit sjølvmål, så på eit langskot frå Steffen Grytten. Med denne sigeren tangerte Norborg klubbrekorden på 6 strake sigrar. Vegard Ulvestad Sætre vart kåra til heimelaget sin beste spelar.

Neste kamp er eit nytt lokalderby. Då er det gutane frå øya på andre sida av Grytafjorden som skal prøve å stoppe den oransje sigersrekka.

Laget: Benjamin Rørhus – Ole Johan Urke, Kjell-Terje Brusdal, Anders Toven, Vegard Ulvestad Sætre – Adnan Dudic (Jesper Vos, 62), Kristoffer Søviknes (Nikolai Jensen, 81), Gard Rogne (Ruben Holmeset, 46), Thomas Aarsund (Vidar Nilsen Rogne, 67) – Tarjei Urkedal (Per-Stian Alvestad, 59), Magnus Austbø Seth (Tor Abelseth, 85).