Hovdebygda – Norborg/Brattvåg2 0-3 (0-2)

Hovdebygda – Norborg/Brattvåg2 0-3 (0-2)
5. divisjon, Hovdebygda gras, 14.06.2018

Sjansar: 4-5
Cornere: 5-4

0-1 Jesper Vos (6)
0-2 Per-Stian Alvestad (26)
0-3 Per-Stian Alvestad (68)

Norborg gjekk offensivt til verks og fekk kampen inn i sitt spor med eit tidleg mål av Jesper Vos. Ein la då om formasjonen og hadde god kontroll defensivt mot eit ballspelande heimelag. Effektiviteten var også god, og ein kunne reise heim med storsiger i ein jamn kamp.

Etter eit lite trykk av Norborg dei første minutta var det Hovdebygda som kom seg til kampens første sjanse då Jostein Vartdal rundlurte ein norborgar og kom seg rundt på kanten. Innlegget var presist til Daniel Reza Malakzadeh, men headinga hans var ikkje av same standard og gjekk utanfor. Vi kan trygt seie at her burde det ha stått 1-0.

I staden var det Norborg som scora i det påfølgjande angrepet då Jesper Vos fanga opp ein retur etter at eit skot av Ådne Hellandsvik vart blokket. Vos klinka ballen i nota oppe ved vinkelen på nydeleg vis. Norborg la om formasjonen etter målet for å få betre kontroll defensivt. Hovdebygda hadde mykje ball, men skapte lite. Halvvegs ut i omgangen var dei likevel nær etter eit frispark, men avslutninga vart for svak og keeper Benjamin Rørhus redda enkelt.

I omgangens siste tjue minutt var det Norborg som skapte sjansane etter godt kontringsspel. 0-2 kom på denne måten då Magnus Jensen storma fram på høgresida og fann Per-Stian Alvestad framfor mål. Han tok godt vare på sjansen og hamra ballen i nota. I sluttminutta var Alvestad nær eit nytt mål då ein knallhard corner frå Ole Johan Urke trefte hovudet hans. Ballen gjekk diverre ikkje mot mål. På tampen var Urke sjølv nær mål då han avslutta eit 70 metersløp med å skyte utanfor frå god posisjon. Dermed 0-2 til pause etter ein godt utført omgang av Norborg/Brattvåg2.

Norborg har hatt sine svakaste periodar det første kvarteret av 2. omgang, men denne gong opptredde laget konsentrert og slapp ikkje Hovdebygda til sjansar. Halvvegs ut i omgangen punkterte Per-Stian Alvestad kampen på ein utsøkt lobb etter eit langt oppspel i bakrom av Ole Johan Urke. Alvestad nådde ballen like før keeper på 30 meter og fekk eit perfekt treffpunkt på ballen. I løpet av dei siste tjue hadde heimelaget to gode sjansar til å pynte på resultatet. Først varta keeper Rørhus opp med ei god eihandsredning, medan trenaren sjølv, Kristian Søviknes, tok ansvar fem minutt før slutt då han blokkerte ei avslutning mot mål. Kampen ebba så ut med 0-3.

Norborg mangla som kjent mange spelarar til denne kampen, men dei som var til stede viste stor innsats mot ein vanskeleg motstandar. Kort sagt ein god kollektiv siger.

Neste kamp er heime mot Stranda torsdag 21. juni kl. 1915.

Laget: Benjamin Rørhus – Kjell-Terje Brusdal (Lars Mikalsen, 90), Elling Mikal Kalvø, Tor Abelseth – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 83), Gard Rogne, Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik – Jesper Vos, Per-Stian Alvestad (Øyvind Sundnes, 86), Magnus Jensen (Matias Vatneødegård, 80).