Herd2 – Norborg/Brattvåg2 0-2 (0-1)
5. divisjon, AMFI Moa stadion, 15.08.2018
Sjansar: 4-6
Cornere: 2-3
0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (18)
0-2 Jesper Vos (76)
Norborg/Brattvåg2 vann sin første seriekamp etter sommarferien med 2-0 borte mot Herd sine nest beste. Norborg hadde stort sett kontroll på kampen mot eit godt organsiert heimelag. Det vart ikkje noko fyrverkeri av ein kamp, men det beste laget vann.
Norborg leverte ein god vårsesong der ein kom stadig nærmare tetlaget Blindheim og enda to poeng før ferien. I løpet av ferien så er det alltid spenning om kven som forsvinn. Norborg har stort sett fått behalde sine spelarar, men Ådne Hellandsvik og Tobias Vatle Faksvåg har pakka kofferten og reist. Elling Mikal Kalvø blir heller ikkje med dei komande 5-6 kampane grunna bryllaup i statane. Vonleg får vi sjå han i serieinnspurten. Inn i stallen har Stian Skogvoll (tilbake frå militæret og framleis skada) og Marius Fylling Rogne (Astor) kome. Brattvåg har signert Thomas Aarsund og han har vi eit godt håp om å sjå fast i den oransje trøya. Vi kan også ta med Siver Davik. 16-åringen har spelt for juniorlaget, men fekk sin A-lagsdebut på Øyacup og spelte frå start i treningskampen mot FK Sykkylven, og dei vi har snakka med haldt han då som banens beste. Underteikna fekk ikkje sett den kampen, men det vi såg av han i den TV2 sendte G16 kampen mellom Bærum og Brattvåg var særs lovande. Då var han banens gigant. Løpssterk, god med ballen og taklingssterk. Vi ser fram til fortsettelsen.
Kampen mot Herd2 er ikkje så mykje å skrive heim om. Vi trur dei tidlegare NFF presidentane Per Ravn Omdal og Sondre Kåfjord hadde sovet tungt på tribuna utover denne kampen. Etter at begge lag hadde fått trilla litt ball på eigen halvdel var det Norborg som sette inn det første støtet då Thomas Aarsund kom seg rundt på høgrekanten og fann Vidar Nilsen Rogne framfor mål. Han fekk diverre ikkje kontroll på ballen sidan den fekk ei lita retningsendring framføre han. Ein stor sjanse skulle det likevel bli sidan ballen spratt ut til Gard Rogne på 12-13 meter, men avslutninga hans gjekk utanfor det gapande målet. Evigunge Tarjei Gjerset Urkedal veit kvar målet står. I siste kamp før ferien gav han Norborg leiinga i det 15. minutt. Denne gong brukte han tre minutt meir då han styrte ballen forbi keeper frå kloss hald etter forarbeid av Magnus Austbø Seth.
Norborg hadde stort sett kontroll defensivt, men ein dryg halvtime ut i kampen så glapp det då Øyvind Hagen fekk ein stikkar mellom stoppar og back. Hurtigtoget fossa mot mål, men avslutninga åleine med keeper fauk over mål. Heimelaget fekk også sjansen til å utlikne fem minutt før pause, men avslutninga gjekk i nettveggen. Norborg kunne dermed gå til pause leiing i ein jamn omgang.
2. omgang starta friskt med heading i eigen tverrligger av ein Herd-spelar og ei heading over Norborg sitt mål. Så gjekk det lang tid før nokon truga mål. Ikkje før i det 76. minutt då Jesper Vos fastsette sluttresultatet då keeper sette seg sjølv ut av spel med å rykke ut av eigen 16 meter. Vos snappa ballen framføre keeper og trilla den i mål. Etter dette var Norborg nær eit tredje mål både ved Gard Rogne og Ole-Kristian Aarseth, men keeper redda.
- Eg føler vi har god kontroll på kampen etter at Tarjei gir oss leiinga. Vi har meir å gå på offensivt der kvar enkelt har for mange ballberøringar som gjer at vi mister rytmen. Herd2 stilte eit bra lag i dag, så vi skal først og fremst vere nøgd med tre poeng, sa trenar Kristian Søviknes.
Norborg/Brattvåg2 har no to heimekampar på rad. Først mot Sæbø på torsdag kl. 1830.
Laget: Ronald Søvik Olsen (Benjamin Rørhus, 85) – Nikolai Jensen, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Ole-Kristian Aarseth, 38) – Vidar Nilsen Rogne (Jesper Vos, 71), Gard Rogne (Siver Davik, 82), Kristoffer Søviknes, Thomas Aarsund (Anders Toven, 82) – Tarjei Urkedal (Lars Mikalsen, 87), Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 77).