Guard – Norborg/Brattvåg2 0-9 (0-2)
5. divisjon, Color Line Stadion, 27.06.2018
Sjansar: 3-20
Cornere: 2-7
0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (15)
0-2 Magnus Austbø Seth (29)
0-3 Jesper Vos (49)
0-4 Patrik Hjelmseth (54)
0-5 Patrik Hjelmseth (64)
0-6 Ådne Hellandsvik (66)
0-7 Vidar Nilsen Rogne (72)
0-8 Patrik Hjelmseth (79)
0-9 Jesper Vos (88)
Det vart utklassingssiger då Norborg gjesta CLS og sitt første møte med Guard på 35 år. Etter ein litt tam 1. omgang og berre 0-2, vart det rett kjekt for samarbeidslaget etter pause då ein fekk opp presisjonen og kjørte over heimelaget.
Norborg tok sin tredje største bortesiger gjennom tidene då Guard vart senka onsdag kveld. Som resultatet tilseie så var Norborg det klart beste laget. Det starta likevel litt trått sjølv om Tarjei Urkedal gav dei for kvelden svartkledde leiinga i det 15. minutt då han sette inn ein retur frå keeper. Guard var farleg frampå ved eit par høve mest takka vere konsentrasjonssvikt av Norborg. Ein halvtime ut i kampen sette Magnus Austbø Seth inn 0-2 åleine med keeper etter at Kristoffer Søviknes snappa ballen på midten og spelte Seth fri. Dette var ganske typisk for kampen. Guard prøvde å trille ball, men utan dei heilt store evnene, vart det mange overgangar for Norborg.
Medan Norborg mangla konsentrasjon og presisjon før pause, var det full fyr i 2. omgang. Fire minutt ut i omgangen sklei Jesper Vos inn 0-3 etter at keeper Muriaas glapp eit innspel frå Patrik Hjelmseth mellom beina. Hjelmseth sjølv scora sitt første for kvelden då hamra ballen i nota etter ei fin opprulling av Vos og Seth. Så sette han inn 0-5 på frispark frå 18 meter. 0-6 var ein lekker lobb av Ådne Hellandsvik frå 16 meter etter forarbeid av Vos og Hjelmseth. Vidar Nilsen Rogne gjorde ingen feil åleine med keeper og sette inn 0-7 etter frispeling av Kristoffer Søviknes. 0-8 kom på eit skot av Patrik Hjelmseth frå 18 meter som gjekk via ein Guard-spelar og sette keeper ut av spel, medan 0-9 kom på nok eit skot frå Hjelmseth som denne gong gjekk via ein liggjande Jesper Vos og i mål. Ballen hadde gått i mål uansett, men sidan Vos hadde den siste berøringa, vel vi å gi han målet, medan Hjelmseth får bestemannsprisen for sitt bidrag i 2. omgang. Då var det leikestove ute på høgrekanten etter ein litt anonym 1. omgang der han ikkje fekk dei riktige ballane å jobbe med. Stjerne i margen også til Kristoffer Søviknes og Jesper Vos.
- – Vi betrer presisjonen etter pause og får full valuta for det. Vi visste at Guard ikkje har det mest mobile laget, så om vi jobba og stod på løpet ut, så ville vi få eit godt resultat. Bra av spelarane å stadig ville ha meir etter kvart som måla rann inn. Gøy også at så mange teikna seg på scoringslista, sa trenar Kristian Søviknes.
Dette var siste seriekamp før sommerferien. Laurdag 7. juli dreg gutane til Harøya for å forsvare Øyacuptittelen. Neste seriekamp er borte mot Herd2 onsdag 15. august.
Laget: Benjamin Rørhus – Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth (Anders Toven, 61), Ole Johan Urke (Nikolai Jensen, 46) – Gard Rogne (Vidar Nilsen Rogne, 65), Matias Vatneødegård (Jesper Vos,46), Tarjei Urkedal (Ådne Hellandsvik, 63), Patrik Hjelmseth – Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 73)