Fjørtoft – Norborg/Brattvåg2 0-2

Fjørtoft – Norborg/Brattvåg2 0-2 (0-2)
5. divisjon, Fjørtoft stadion, 16.05.2018.

Tilskodarar: 84 betalande

Sjansar: 3-5
Cornere: 5-4

0-1 Kristoffer Søviknes (33)
0-2 Magnus Austbø Seth (36)

Det vart ingen vakker kamp i finveret på Fjørtofta. Dette var ein krig mellom gamle kjente med langpasningar, duellar, høg temperatur og få klare målsjansar. Heimelaget starta best og la eit lite trykk på sine gjestar. Forsøka vart likevel effektivt stoppa av Norborg sitt rutinerte forsvar. Etter kvart starta også det offensive å sete betre. Etter ein dryg halvtimes spel fekk Norborg hjørnespark. Fjørtoft fekk ikkje klarert og Elling Mikal Kalvø slo ballen tilbake i feltet der barndomsnabo Kristoffer Søviknes hang og hang i lufta til han fekk nikka ballen i nota ved bakarste stolpe. Tre minutt seinare fann Magnus Austbø Seth rom mellom stoppar og back, fekk ballen frå stoppar Tor Abelseth og sette den sikkert i nota bak keeper Vegard Otterlei til 0-2.

Etter pause stod Fjørtoft høgt og pressa Norborg bakpå. Allereie i opningsminuttet vart ballen slått inn framfor mål og stussa mot mål, men midt på keeper Joakim Kjærstad. Tonen for omgangen var satt. Fjørtoft pumpa ballen inn i 16 meteren og skapte ettertrykk, men Norborg stod klare og stanga ballen ut gong etter gong. Heimelaget sin offensiv gav mange kontringssjansar, men desse tok ein dårleg vare på gjennom svakt pasningsspel og mange feilval. Eit par sjansar vart likevel skapt som då Magnus Austbø Seth kom seg rundt på kanten, men Per-Stian Alvestad berre traff luft framfor kassa. Ådne Hellandsvik fekk også ein bra sjanse etter eit legg av Ole Johan Urke, men utan restultat. Heimelaget sin store sjanse fekk Hans Edvard Nordang, men avslutninga gjekk ikkje mot mål og Norborg fekk klarert. På overtid fekk Anders Toven ein ball i bakrom, men vart klipt ned framfor 16 meteren av Jan Tore Fjørtoft, som fekk sjå det raude kortet for ugjerninga. Kampen ebba ut med 0-2 og tre poeng til dei oransje. Truleg den første sigeren Norborg har tatt i ein seriekamp på Fjørtofta.

Norborg/Brattvåg2 sin neste kamp er heime mot Ellingsøy torsdag 24. mai kl. 1830.

Laget: Joakim Kjærstad – Elling Mikal Kalvø, Kjell Terje Brusdal, Tor Abelseth, Tarjei Gjerset Urkedal – Adnan Dudic (Ruben Holmeset, 46) (Jesper Vos, 67), Gard Rogne (Anders Toven, 90), Kristoffer Søviknes, Ådne Hellandsvik (André Larsen, 86) – Magnus Austbø Seth (Magnus Jenssen, 87), Per-Stian Alvestad (Ole Johan Urke, 60).

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)