Blindheim – Norborg/Brattvåg2 2-5 (1-2)
5. divisjon, Blindheim KGB, 06.09.2018
Sjansar: 5-9
Cornere: 6-8
1-0 Hans Skovly (16)
1-1 Ole Johan Urke (35)
1-2 Magnus Austbø Seth (42)
2-2 Joakim Haugen (62)
2-3 Kristoffer Søviknes (65)
2-4 Vegard Ulvestad Sætre (76)
2-5 Tarjei Gjerset Urkedal (str. 87) Sjå målet her.
Flotte tilhøve med fullpakka tribune då Norborg/BIL2 gjesta Blindheim til toppkamp torsdag kveld. Norborg/BIL2 viste seg kampen sett under eitt som det beste laget og vann til slutt komfortabelt 2-5. Det var likevel ingen typisk 2-5 kamp. Kampens avgjerande punkt var då Kristoffer Søviknes fekk ballen over mållinja til 2-3 få minutt etter at Blindheim utlikna. Blindheim var på det tidspunktet laget som pressa på, men med 2-3 til Norborg gjekk lufta ut av heimelaget mot eit Norborg-lag som berre jaga på mot slutten. Tarjei Urkedal scora i sin sjette kamp på rad og er dermed ein bak sin eigen klubbrekord. Fire av Norborg sine mål kom etter dødball.
Kampen starta relativt jamt. Blindheim hadde ballen mest, men Norborg kom seg til den første sjansen då Magnus Austbø Seth stupheada eit frispark frå Vegard Sætre over mål. Rundt kvarteret ut i kampen festa Blindheim grepet om kampen. Først feide Preben Torvanger ballen over tverra etter eit innlegg frå venstre, så stod same spelar for ei pasning til Hans Skovly. Skovly finta keeper og trilla ballen i mål. Norborg sleit med å få tak på Blindheim sitt spel, men så la ein om formasjonen for å ta midtbanegeneral Aleksander Hagerup ut av kampen. Dette fungerte. Blindheim fekk ikkje til noko offensivt dei siste 25 minutta av 1. omgang. Norborg styrte det meste og skapte eit par sjansar før ballen endeleg fann vegen til nota. Først på eit frispark frå 17 meter der Ole Johan Urke klinka ballen i mål oppe ved krysset. Så på eit langt utspark frå keeper Henrik Hansen til Magnus Austbø Seth i bakrom. Åleine med keeper gjorde Seth ingen feil å scora sitt tiande for året. Norborg gjekk dermed fortent til pause med 1-2 leiing.
Blindheim starta også best etter kvila og burde ha utlikna fem minutt ut i omgangen, men frå kloss hald vart ballen sett utanfor mål. Heimelaget hadde grepet om kampen og sjølv om dei heilt store sjansane uteblei, så vart det stadig skapt situasjonar framfor Norborg sitt mål. I det 62. minutt kom så utlikninga, og for eit mål. Ballen vart spelt ut til Joakim Haugen som var nokre meter frå kanten av 16 meteren. Han får eit fantastisk treff med utsida og ballen gjekk i ei vakker boge over keeper Hansen og dupper ned i lengste kryss. Eit skot det berre er å ramme inn og henge på veggen på Blindheim sitt klubbhus.
Norborg kvitterte raskt. Ole Johan Urke og Kristoffer Søviknes har vore ein effektiv kombinasjon på dødballar i år. Så også denne gong. Urke la corneren til Søviknes som med låret fekk ballen over streken til 2-3. Dei komande minutta var prega av to lag med stor strekk og vi fekk ein skikkeleg Hawaii-fotball, men då Norborg gjekk opp i 2-4 etter nok ein corner var det takk og farvel til Blindheim. Denne gong var det Vegard Ulvestad Sætre som heada inn Urke sin corner. Like før slutt vart Ruben Holmeset dytta over ende då han fossa inn i 16 meteren og vart hindra i ein 1 mot 1 situasjon mot keeper. Dommar blåste for straffe og Tarjei Urkedal fekk dermed fastsette sluttresultatet til 2-5.
Norborg/BIL2 tok dermed over tabelltoppen frå Blindheim. Ein posisjon dei kvite og svarte har hatt sidan 1. serierunde. Blindheim er det beste laget vi har møtt i år, men innbyrdes står det 8-2 samanlagt til Norborg/BIL2. Det er ein god prestasjon av våre gutar.
Best på Norborg i denne kampen var Tarjei Urkedal. Når motstandar startar å bli trøytte, då sette Tarjei inn turboen. Eit skår i gleda var at Tor Abelseth vart skada då han slengte seg fram og sette ballen i stolpen heilt mot slutten av 1. omgang. Abelseth var særs god i 1. omgang og vi håper at han er raskt tilbake på bana. Ole Johan Urke starta som innbyttar, men kom tidleg inn og sette sitt preg på kampen med 1 mål og 2 målgivande.
Neste kamp er kommuneoppgjeret mot Fjørtoft på Uggedal stadion torsdag 13. september kl. 1800.
Laget: Henrik Hansen – Nikolai Jensen, Kjell-Terje Brusdal, Tor Abelseth (Vos, 45) (Ruben Holmeset, 73), Vegard Ulvestad Sætre – Gard Rogne (Magnus Jenssen, 88), Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Thomas Aarsund (Vidar Nilsen Rogne, 88) – Jesper Vos (Ole Johan Urke, 27) (Marius Fylling Rogne, 78), Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 83)