Norborg – Stranda 0-1 (0-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 15.03.2017
Sjansar: 5-4
Hjørnespark: 8-0
0-1 Michal Bernat (44)
Laga hadde kvar omgang i vinden på Uggedal KGB onsdag kveld. Stranda hadde sjansane før pause sjølv om Norborg hadde ballen mest. Det gjekk likevel for seint med dei oransje til at det vart skapt det heilt store framfor Stranda sitt mål. I 2. omgang hadde Norborg ballen stort sett heile tida, men trass nokre store sjansar, greidde ein aldri å få ballen i nota. Dermed stoppa rekka på 6 kampar utan tap.
-Varierande prestasjon kampen gjennom. I perioder opptrer vi som Stranda sin beste spelar med å servere dei sjansar på gullfat. I andre perioder ser vi igjen det vi øver på, men vi slit med gjennomføringen på siste tredjedel der Stranda hadde parkert bussen sin. Sum summarum så får vi ta med kampen som ei god læring og fortsette å jobbe med det vi har starta på. Vi mista i alle fall ikkje trua på oss sjølv av dette, sa trenar Kristian Søviknes.
Norborg sleit med konsentrasjonen i dei bakre rekker i starten av kampen og gav Stranda to store sjansar i opningsminutta. Heldigvis stod tverra i vegen for den første sjansen og keeper Szoma på den andre. Stranda hadde vinden i ryggen, men noko trykk fekk vi aldri sjå av gjestane. Norborg hadde ballen mest, medan Stranda venta på å utnytte eventuelle feil for å slå kontra.
Norborg har skapt og scora mykje i vinter, men i denne kampen mangla ein rytme i angrepet. Det vart mange feil val og tapte duellar. Nikolas Fjørtoft hadde Norborg sin einaste sjanse i 1. omgang i det 19. minutt, men avslutninga vart for svak.
Minuttet før pause tok Stranda leiinga ved Michal Bernat. Basert på sjansestatistikk og innsats var det heilt fortent.
Norborg imponerte nok heller ingen i 2. omgang, men tok i alle fall etter kvart til å skape sjanser. Både Nikolas Fjørtoft og Magnus Seth var nær å score, men kom aldri nærmare enn ei avslutning i stolpen. Dermed fortsette Norborg sitt Stranda-kompleks.
Norborg sin neste kamp er borte mot Valder onsdag kl. 1830.
Laget: Szoma – Nikolai Jensen (Jonas Holmeset, 65), Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Ole Johan Urke – Matias Vatneødegård, Marius Austnes, Tor Abelseth (Christian Sæther, 46), Stian Skogvoll (Ruben Holmeset, 65) – Magnus Seth, Nikolai Fjørtoft.