Valder – Norborg 2-4

Valder – Norborg 2-4 (2-1)
Valdervoll kgb, 22.09.2016

Sjansar: 6-7
Cornere: 5-4

1-0 Adrian Blindheim (10)
2-0 Erlend Synnes Skjong (25)
2-1 Pedro Silva (43)
2-2 Hans Edvard Nordang (str. 54)
2-3 Ole Johan Øster Urke (69)
2-4 Tarjei Gjerset Urkedal (71)

Norborg stod til slutt igjen med alle poenga i denne særs viktige botnkampen på Valdervoll. Men ein halvtime ut i kampen såg det bekmørkt ut. Valder leia 2-0 og Norborg fekk ikkje til nokon ting. Medan gnisten var fullstendig fråverande entra Pedro Silva bana og sette full fyr på Norborg. Reduseringa like før pause vart følgt av ein voldsam innsats og ein strålande snuoperasjon i 2. omgang.

Trenar Oddmund Davik Otterlei drog det så langt at han kalla kampen for ein “9-poengskamp” for å understreke viktigheita av poeng. Valder hadde kanskje det største presset på seg sidan dei låg poenget og plassen bak Norborg. Valder såg også ut til å forstå alvoret betre enn den oransje naboen i nordaust. Ti minutt ut i kampen sette den skadeforfølgde spissen Adrian Blindheim ballen i nota etter corner. Blindheim fortsette å vere ein trussel mot Norborg, men det var Erlend Synnes Skjong som dobla leiinga med eit skot frå 23 meter.

Norborg fekk lite til offensivt og sleit også defensivt i sin 4-5-1 formasjon. Spelet lugga slik det har for vane å gjere på Valdervollmatta. Trenar Otterlei gjorde så eit par byter og la om til 4-4-2 for å få meir trykk på Valder sitt forsvar. Effekten let ikkje vente. To minutt før pause fekk Pedro Silva ballen frå Valder sitt forsvar og fossa mot mål. Frå litt skrått hald sette han ballen i nota ved lengste stolpe. 2-1, og eit snev av håp for Norborg.

I 2. omgang tok Norborg kommandoen frå start av og skapte eit par situasjonar framfor mål før Øyvind Sundnes vart lagt i bakken innafor straffefeltet ni minutt ut i omgangen. Dommar Myrseth peika på straffemerket og Hans Edvard Nordang sette straffa sikkert i nota. Nordang var også reddande engel i andre enden då han redda Valder sin einaste reelle sjanse etter pause på strek.

Tjue minutt før slutt vart kampen avgjort med to raske mål av Norborg. Ole Johan Urke sette inn 2-3 på eit skot frå 20 meter som duppa under keeper og i mål. 2-4 var det Tarjei Gjerset Urkedal som sette inn etter at Kristoffer Søviknes duellerte inne i 16 meteren og klareringa til Valder gjekk rett til Urkedal som lempa ballen i mål. Dette var Urkedal sitt første seriemål sidan oktober i fjor. Han er no oppe i 131 seriemål og er tre bak Kim Idar Krogsethagen. Kristoffer Søviknes hadde sjansen til å auke leiinga like før slutt, men keeper Morten Sanden drog fram ei fantastisk reaksjonsredning på headinga frå fem meter.

Norborg hadde kontroll defensivt og tok til slutt ein fortent siger etter den svake starten. Heile laget løfta seg dei siste 50 minutta, men skal vi dra fram ein spelar må det vere Pedro Silva. Han kosa seg med Valder sitt forsvar i kveld, men fekk diverre sitt tredje gule kort og må stå over neste kamp som er heime mot Hareid torsdag 29. september kl. 19.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes (Jan Tore Fjørtoft, 37), Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Øyvind Sundnes (Krogsæter, 88) (Per-Stian Alvestad, 90), Marius Austnes (Ole Johan Urke, 67), Christian Sæther, Tarjei Urkedal (M. Austnes, 75), Fredrik Krogsæter (Pedro Silva, 37) (Jonas Austnes, 90) – Kristoffer Søviknes.


Dei fire scorarane Hans Edvard Nordang, Tarjei Gjerset Urkedal, Pedro Arthur Silva og Ole Johan Øster Urke.