Spjelkavik – Norborg 6-1 (3-0)
1. kvalifiseringsrunde NM, Spjelkavik kgb, 16.03.2016
Sjansar: 10-3
Cornere: 10-4
Avslutningar på mål: 8-3
Avslutningar utanfor: 6-4
1-0 Benjamin Sunde (10)
2-0 Sjølvmål (19)
3-0 Knut-Idar Dalhus (23)
4-0 Markus Kampenes (48)
5-0 Markus Kampenes (65)
5-1 Martin Løken Lie (89)
6-1 Knut-Idar Dalhus (str. 90)
Spjelkavik gjorde kort prosess med Norborg og punkterte kampen med tre mål etter corner før halve 1. omgang var gjennomført. Norborg fekk vere meir med i kampen etter dette, men greidde sjeldan å true Spjelkavik sitt mål. Eit trøystemål fekk ein likevel med seg då Martin Løken Lie klinka ballen i nota etter klumsete keeperspel etter ein corner. Det vart for øvreg 5 mål etter corner i denne kampen.
– Det blir tøft når vi let Spjelkavik score tre tidlege dødballmål. Men vi har innsats, god innstilling og viljen til å prøve gjennom samtlege 90 minutt, og det bør vi ta med oss vidare. Vi er i ei omstillingsfase med ein del nye og unge spelarar, og vi får ta med oss kampen som god læring, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.
Tilhengarar av uttrykket «corner er mål» kunne verkeleg glede seg over denne kampen. Heile fire av Spjelkavik sine mål kom etter corner, og om ikkje det var nok, så scora også Norborg sitt mål etter corner. Spjelkavik gjekk aggressivt til verks og etter eit par halvsjansar fekk vertane corner i det 10. minutt. Her redda først Christian Sæther på strek for så sjå Benjamin Sunde klinke returen i nota frå 6 meter. Knappe ti minutt seinare har Spjelkavik ny corner. Keeper Geir Roar Gamlem boksar ballen ut på 20 meter der ein Spjelkavik spelar headar den tilbake i feltet. Norborg sin lengste mann Ole Johan Urke var ikkje høg nok og forsøket på klarering enda i ein stuss over keeper og i mål til 2-0. Fire minutt seinare har Spjelkavik ny corner, og nok ein gong skulle det ende i mål. Ballen vart klarert ut til 18 meter der Knut-Idar Dalhus fekk god treff å sette inn 3-0.
Etter denne framvisninga av gode cornera roa Spjelkavik seg og vi får sjansefattige siste 20 minutt. Norborg hadde store problem med å halde på ballen i angrep og skapte særs lite framfor keeper Igor Serkovs.
2. omgang starta heller ikkje bra for Norborg då Spjelkavik spelte seg fint igjennom Norborg sitt forsvar og Markus Kampenes satte ballen sikkert i mål til 4-0. Norborg vart absolutt ikkje overkjørt i denne omgangen og med litt betre treff så kunne Ole-Kristian Aarseth ha redusert etter ein corner. I staden var det Spjelkavik som putta sitt fjerde cornermål då Kampenes sette inn sitt andre og heimelaget sitt femte.
Minuttet før odinær tid var det Norborg sin tur til å score på corner då keeper Serkovs boksa ballen inn i Kristoffer Søviknes og ballen gjekk til Martin Løken Lie som klinka den i nota frå ti meter. På overtid fekk Spjelkavik ei straffe som Knut-Idar Dalhus sette i mål til sluttresultat 6-1.
Norborg sine spelarar jobba godt defensivt, men må heim å øve på defensive dødballar. Offensivt var det lenge planlaust, men vi fekk mot slutten av kampen sjå nokre fine angrep av “nye” Norborg som spelte dei siste 25 minutta med 6 juniorar.
Jonas Austnes og Marius Austnes debuterte for Norborg i denne kampen etter overgong frå Brattvåg. Begge greidde seg greit i litt uvande posisjonar.
Laget: Geir Roar Gamlem, Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang, Tor Abelseth, Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 46), Ole-Kristian Aarseth, Christian Sæther, Tarjei Urkedal (Nikolai Jensen, 66), Markus Austnes, Pedro Silva (Martin Løken Lie, 38)