Norborg – Vigra 3-2

Norborg – Vigra 3-2 (1-0)
Treningskamp, Uggedal KGB, 02.04.2016

Sjansar: 14-4

1-0 Magnus Seth (5)
1-1 Endre Pickard (48)
1-2 Adrian Rørseth (49)
2-2 Magnus Seth (50)
3-2 Pedro Silva (81)

Norborg var det beste laget og burde ha vunne med større siffer over 5. divisjonslaget Vigra. Junior Magnus Seth presenterte seg med to mål, medan Pedro Silva scora det avgjerande målet.

– Mange tunge bein i dag ettersom fleire spelarar hadde eit par kampar i beina frå tidlegare i veka, men vi skaper mange sjansar og fekk ei god gjennomføring, sa trenar Kristian Søviknes.

Norborg scora på sin første målsjanse då Ole Johan Urke spelte fri Magnus Seth som elegant lobba over Vigra sin keeper og i mål. Eit flott mål av junioren som kom i frå AaFK i vinter. Norborg var det førande laget gjennom omgangen og både Christian Sæther og Hans Edvard Nordang hadde skotforsøk frå godt hald, men begge gjekk via ein motspelar og til resultatlause cornarar. Ole Johan Urke fekk også ein god sjanse då han heada eit innlegg frå Christian Sæther like utanfor. Magnus Seth var likevel den som fekk den største sjansen då han finta eit par Vigra-spelarar i pølseboda, men åleine med keeper sette han ballen over mål.

I opninga av 2. omgang skifta kampen totalt karakter. Vigra var aggressive og fekk løfta spelet sitt. Knappe tre minutt ut i omgangen greier ikkje Norborg å klarere ein corner skikkeleg og det påfølgjande innlegget vart ekspedert i mål frå kloss hald av Endre Pickard. Minuttet seinare klinka ein Adrian Rørseth til frå midtbana og ballen gjekk i fin boge over keeper Olsen og i mål. Dermed ei overraskande vendig og 2-1 leiing til Vigra.

Norborg kvitterte raskt ved Magnus Seth då han snappa ballen framfor mål og sette den sikkert i nota. Få minutt seinare spelte Vigra seg fram til ein god sjanse, men bomma. Den siste halvtimen var det stort sett spel mot eit mål og Norborg skapte sjanse på sjanse. Ole-Kristian Aarseth hadde fleire høve til å score, Ole Johan Urke fekk ein god sjanse, det same Kristoffer Søviknes. Magnus Seth var nær sitt tredje mål og Pedro Silva nær å score på sitt første spark på ballen. Pedro var særs bestemt på vise seg fram og ti minutt før slutt scora han det avgjerande målet med eit skot frå 16 meter. Begge lag hadde kvar sin sjanse i sluttminutta, men det enda med ein særs fortent 3-2 siger til Norborg.

Neste kamp for Norborg er onsdag 6. april kl. 19 i Uggedalen mot Vestnes Varfjell.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Ole Johan Urke (Denis Sjåstad, 84), Christian Sæther, Marius Austnes, Fredrik Krogsæter – Ole-Kristian Aarseth (Per-Stian Alvestad, 81), Magnus Seth (Pedro Silva, 68) (Urke, 90).