Norborg – Valder 3-4 (0-1)
Uggedal kgb, 02.03.2016
Sjansar: 8-9
0-1 ? (45)
1-1 Kristoffer Søviknes (57)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (71)
2-2 ? (73)
2-3 ? (75)
3-3 Ole-Kristian Aarseth (87)
3-4 ? (88)
Valder gjekk til slutt sigrande ut av denne treningskampen under flotte tilhøve i Uggedalen. 1. omgang var sjansefattig, men like før pause utnytta Valder ei forsvarsblemme av Norborg og gjekk til pause med leiing. Etter pause var det langt meir liv i kampen. Norborg snudde først til 2-1, men Valder kom raskt tilbake i leiing med to mål på eit par minutt. Ole-Kristian Aarseth trudde han hadde sørga for uavgjort då han utlikna til 3-3 like før slutt, men Valder fekk nok ein gong boltre seg i bakrommet og putta åleine med keeper til 3-4 siger.
Med ni baklengs i sist kamp så gjekk Norborg defensivt ut mot Valder. Taktikken lykkast lenge og det vart skap null og niks den første halvtimen sett bort frå at Norborg sin A-lagsdebutant Magnus Austbø Seth fekk annullert eit mål for offside. Ungguten var også nær å gi Norborg føringa ti minutt før pause, men lobben hans gjekk over både keeper og tverrliggjar. Likevel, eit godt forsøk.
Mange av Norborg sine spelarar har eit dårleg treningsgrunnlag grunna sjukdom, bryllaupsreise og eit planlagt liv som fotballpensjonist. Kreftene tok dermed slutt mot slutten av omgangen og Valder spelte seg fram til eit par resultatlause sjansar før leiarmålet kom. Det kom omtrent gratis då ein tilsynelatande ufarleg ball vart spelt frå midtbana og opp mot Norborg sitt forsvar. Kristoffer Søviknes og Jan Tore Fjørtoft går begge mot ball, men begge ombestemmer seg og ballen trillar dermed igjennom til Valder sin spiss som scorer sikkert åleine med keeper. Særs unødvendig mål i mot på overtid av omgangen, men om nokon fortente å leie til pause så var det Valder. Uten at dei imponerte nevneverdig.
Valder kom seg også til den første sjansen etter pause, men keeper Ronald Søvik Olsen redda glimrande i ein mot ein situasjonen. Så går vi inn i Norborg sin beste periode i kampen. På eit kvarters tid skaper ein 3-4 gode sjansar og har tre ballar i nota. Diverre vart Pedro Silva si nettkjenning ikkje godkjent grunna offside. Det kan vi slå fast var feil. Mål skulle det likevel bli like etter då Kristoffer Søviknes satte eit frisparkinnlegg frå Hans Edvard Nordang i mål frå 8 meters hald. Eit knapt kvarter seinare tok Norborg leiinga i kampen då Tarjei Urkedal krangla inn eit innlegg frå Tor Abelseth. Urkedal la eigentleg opp i fjor haust, men har vel funne ut at fotballspeling er ein langt kjekkare måte å halde seg i form på enn jogging. Dermed mål nr. 222 i karriera for Tarjei.
Gleda varte likevel ikkje lenge for Norborg. Fire minutt seinare hadde nemleg Valder snudd kampen i sin favør. Først på ein stikker i bakrom og sikker scoring åleine med keeper, så etter fint spel på si høgreside. Norborgarane verka slitne, men greidde likevel å skape nokre gode sjansar dei siste ti minutta. Kristoffer Søviknes var nær ved å heade ballen i mål etter ein corner. Per-Stian Alvestad fekk sitt førsøk redda på strek etter eit frisparkinnlegg av Norborg sin beste spelar Christian Sæther. Men tre minutt før slutt lykkast Ole-Kristian Aarseth å få ballen i mål etter eit oppspel av Ole Johan Urke. Men så var det dette med sitkkarar i bakrom då. Norborg sitt forsvar hadde ballen, spelte så opp mot markert spelar på midtbana, Valder slår umiddelbart ballen i bakrom og spissen har ingen problem med å score åleine med keeper. Dermed eit noko unødvendig 3-4 tap.
Trass tap så ver det ein klar nivåheving frå sist kamp. Sjølv om ein mangla 3-4 spelarar som er aktuelle i startoppstillinga så spelte ein jamt med ein av favorittane i årets 4. divisjon. Det som må lukast bort er dei enkle feila som kjem på grunn av konsentrasjonssvikt eller at ein skal prøve å spele seg ut i staden for å velge den lette løysinga med ei solid klarering.
Vi gratulerer Magnus Austbø Seth og Anders Toven med A-debut.
Neste kamp for Norborg er cupkamp borte mot Spjelkavik onsdag 16. mars kl. 18.
Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 46) – Jan Tore Fjørtoft (Urke, 83), Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang, Tor Abelseth – Ole Johan Urke (Martin Løken Lie, 67), Christian Sæther, Ole-Kristian Aarseth, Tarjei Urkedal (Nikolai Jensen, 72) – Magnus Austbø Seth (Anders Toven, 81), Per-Stian Alvestad (Pedro Silva, 46) (Alvestad, 81)
Dommar: Arild Vegsund