Norborg – Skodje 3-2 (2-1)
Uggedal KGB, 01.09.2016
Sjansar: 13-8
Cornere: 10-4
0-1 Kenneth Skrede (23)
1-1 Kristoffer Søviknes (35)
2-1 Magnus Austbø Seth (39)
2-2 Eivind Erstad (48)
3-2 Kristoffer Søviknes (50)
Norborg styrte det meste i Uggedalen, men sleit med å omsette sjansar i mål. Det vart dermed unødig spenning då Skodje sette inn sluttspurten på overtid, men trass tre store sjansar vart poenga fortent verande hjå Norborg.
Dette var kampen Norborg måtte vinne for å ha heng på laga framom på tabellen. Spelarane skjøna alvoret og tok tak i kampen frå start. Sjansar vart skapt, men mål vart det ikkje. I staden var det Skodje som tok leiinga på sin første sjanse då Norborg mista ballen på eigen halvdel og Kenneth Skrede fekk ein stikkar i bakrom. Han tok med seg ballen skrått inn i 16 meteren før han avslutta hardt i nota ved nærmaste stolpe.
Intesiteten i Norborg sitt spel hadde dabba i minutta før målet, men målet i mot var ein vekkar. Ein sette opp tempoet og Skodje hang ikkje med. Ole Johan Urke måtte sjå sin sjanse bli redda av keeper Simen Pedersen, medan Magnus Seth heada i tverrliggaren. Ti minutt før pause skulle så Kristoffer Søviknes utlikne etter at Skodje ikkje fekk klarert ein corner frå Kristian Søviknes. Fire minutt seinare står Kristian bak eit nytt mål då han fann Magnus Austbø Seth framfor kassa som gjorde 2-1. Dermed kunne Norborg gå fortent til pause med leiing.
Norborg pressa Skodje i starten av 2. omgang, men tre minutt ut i omgangen stod forsvaret å sov på eit 5-metersutspark. Ballen gjekk i bakrom til Eivind Erstad som scora åleine med keeper til 2-2. Gleda varte ikkje lenge for gjestane, for to minutt seinare puttar Kristoffer Søviknes ballen i tomt mål etter at keeper hadde takla Tarjei Urkedal.
Norborg fortsette å styre kampen og skapte både store sjansar og halvsjansar, men ballen ville ikkje i mål. Ti minutt før slutt vart ein også truleg snytt for straffespark då keeper la Magnus Austbø Seth i bakken. Sidan Norborg ikkje greidde å punktere kampen vart det ei nervøs avslutning der Skodje verkeleg la press på Norborg og skapte tre store sjansar, men kom ikkje nærmare enn ei avslutning i tverra 6 minutt på overtid. Hadde den gått inn så hadde det derimot vore eit ran. For denne kampen fortente Norborg å vinne.
Neste kamp er borte mot Skarbøvik fredag 9. september.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang (Jonas Autnes, 90), Nikolai Jensen – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Tarjei Urkedal, Fredrik Krogsæter (Pedro Silva, 83) – Kristoffer Søviknes, Magnus Austbø Seth.