Norborg – Ørsta 1-1

Norborg – Ørsta 1-1 (1-0)
Uggedal stadion, 09.06.2016

Sjansar: 8-5
Cornere: 6-2

1-0 Kristoffer Søviknes (35)
1-1 Jan Marius Brekke (89)

Norborg såg lenge ut til å gå mot sin tredje strake siger, men ein totalt blackout minuttet før slutt førte til poengdeling. Kampen var spelemessig frykteleg svak med to lag som såg ut til å førebu seg til EM i feilpasningar.

Sjølv om det er lenge til serieslutt i oktober så var det likevel to lag som verkeleg trengte poenga som møttast i Uggedalen denne kvelden. Norborg kom seg til den første sjansen då Ole Johan Urke fann Ole-Kristian Aarseth framfor kassa, men avslutninga fauk utanfor mål. I dei neste minutta yppa Ørsta seg og kom seg til tre gode sjansar utan å finne nettmaskene. Keeper Ronald Olsen redda dei to første, medan den siste gjekk utanfor.

I dei siste tjue minutta av omgangen tok Norborg over kampen og etter å ha svidd eit par sjansar tok ein fortent nok leiinga ti minutt før pause då Kristian Søviknes snappa ballen på eigen halvdel, tok tunnel på ein ørsting og spelte igjennom bror Kristoffer Søviknes som elegant sette ballen over keeper og i nota. Norborg kunne dermed gå til pause med 1-0 i ein omgang der dei fleste hadde spelt under pari.

Norborg starta også best etter pause og både Kristoffer Søviknes, Kristian Søviknes og Magnus Austbø Seth hadde sjansen til å doble leiinga i det første kvarteret. Etter kvart sprang Norborg seg tom, men bortsett frå ved eitt høve då Jan Marius Brekke snappa ballen og fekk springe mot mål med Abelseth i hælane så hadde ein god kontroll defensivt. Avslutninga til Brekke gjekk for øvreg over mål.

Kampen såg ut til å ebbe ut med 1-0 til Norborg, men minuttet før slutt gir keeper Ronald Olsen unødig bort ein corner. Dette skulle bli skjebnesvangert då Jan Marius Brekke fekk putta den påfølgjande corneren i mål. Eit baktungt og slitent Norborg-lag hadde ikkje noko ekstra gir å sette inn etter utlikninga og Ørsta var det førande laget på overtid. Likevel, det var Norborg som hadde mest grunn til å deppe for berre eitt poeng. Dette var ein kamp som skulle ha blitt avgjort før sluttminutta. Ein har no kasta bort 6 poeng mot lag svakare motstand. Det kan få fatale følgjer når rekneskapen skal gjerast opp.

Neste kamp er borte mot Emblem torsdag 16. juni kl. 1830.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang, Nikolai Jensen – Ole Johan Urke, Christian Sæther, Steffen Grytten, Ole-Kristian Aarseth – Kristoffer Søviknes (Marius Austnes, 87), Magnus Austbø Seth (Pedro Silva, 74)