Norborg – Godøy 2-6 (2-2)
Uggedal stadion, 23.06.2016
Sjansar: 5-11
Cornere: 2-8
1-0 Kristoffer Søviknes (30)
2-0 Steffen Grytten (33)
2-1 Jan Ove Austnes (38)
2-2 Lars Kristian Austnes (41)
2-3 Jan Ove Austnes (61)
2-4 Jonathan Mulelid (67)
2-5 Bjarte Tomren (69)
2-6 Joakim Austnes (80)
Det såg lovande ut for Norborg då noregsmeisteren Steffen Grytten sette inn 2-0 knappe kvarteret før pause, men så gjekk det heile i svart. Godøy scora to gongar før pause og avgjorde kampen med tre mål frå det 61. til det 69. minutt. Det vart dermed eit 1997 flashback då Norborg leia 4-0 og tapte 4-8 for nettopp Godøy.
Under flotte spelehøve var det ei sløv opning på kampen. Det tok til og med 14 minutt før dommar Eldevik måtte blåse i fløyta for frispark. Etter kvart vakna Godøy og tok grep om kampen. Etter eit par nesten sjansar tok Trond Brynestad ballen i eigne føte, storma frå eigen halvdel og klinka den stolpe ut.
Ti minutt seinare var det endeleg klart for Norborg. Kristoffer Søviknes heada inn 1-0 etter ein corner frå Kristian Søviknes. Nokre minutt seinare dobla Steffen Grytten leiinga då han lurte oppassaren sin og sette frisparket frå Christian Sæther i mål. To mål på to sjansar for dei oransje. Godøy verka daffe, men så endra det heile seg. Jan Ove Austnes reduserte på eit frispark som keeper Kjærstad feilberekna og fekk berre fingertuppane på før det gjekk i mål. Nokre minutt seinare banka Lars Kristian Austnes ballen tverrliggjar inn frå 15 meter. Innimellom det så hadde også Godøy brent eit par sjansar.
I 2. omgang pressa Godøy frå start av og hadde fem hjørnespark på rad. Svein Arve Alnes fekk sjansen sju minutt ut i omgangen, men banka ballen over på volley. Så starta Godøy å vise god effektivitet med fire mål på fire sjansar. Jan Ove Austnes fekk stjernetreff utanfor kanten av 16 meteren etter eit innkast. Ballen skrudde bort frå keeper Olsen og i mål ved lengste stolpe. Så gjpr Jonathan Mulelid 2-4 på eit velplassert skot frå 17 meter før Bjarte Tomren stongar inn 2-5 etter corner. Ti minutt før slutt fastsette Joakim Austnes sluttresultatet til 2-6.
Norborg hadde lite å by på offensivt. Ballen gjekk for seint mellom spelarane og det vart mykje ein og ein. Oppspela kom ofte i lufta der Godøy sitt forsvar regjerte. Det vart dermed ein skikkeleg møkkaomgang av dei oransje. Juni månad har likevel vore god og ein tek ferie på trygg grunn.
Laget: Joakim Kjærstad (Ronald Olsen, 46) – Kristian Søviknes, Jonas Austnes, Tor Abelseth, Jan Tore Fjørtoft (Nikolai Jensen, 74) – Ole Johan Urke (Tarjei Urkedal, 43), Steffen Grytten (Denis Sjåstad, 81), Christian Sæther, Marius Austnes (Magnus Seth, 64), Ole-Kristian Aarseth (Fredrik Krogsæter, 70) – Kristoffer Søviknes (Pedro Silva, 78).
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
Assistentar: Norvald Helge Lausund (Lepsøy) og Bengt Kvalsvik (Blindheim)