Larsnes/Gursken – Norborg 0-2 (0-2)
4. divisjon, 11.08.2016, Gursken River Plate KGB
0-1 Magnus Austbø Seth (10)
0-2 Kristoffer Søviknes (15)
Norborg tok ein fortent siger over Larsnes/Gursken etter to tidlege mål. Magnus Austbø Seth gjorde 0-1 etter forarbeid av Hans Edvard Nordang og spissmakker Kristoffer Søviknes. Fem minutt seinare scora Søviknes sjølv etter eit innlegg av Nikolai Jensen. Norborg gjorde ein god 1. omgang og burde ha leia med større siffer. Blant anna hadde Kristoffer Søviknes ei heading i tverra og ned på strek. – Før pause er det klasseforskjell på laga. Vi spela då god og variert fotball, sa trenar Oddmund Davik Otterlei. Etter pause vart det meir slurv og heimelaget fekk ha ballen meir utan at sigeren nokon gong var trua. Dette var Norborg sin tredje strake bortesiger utan å sleppe inn mål.
Laget: Geir Roar Gamlem – Kristian Søviknes, Tor Abelseth, Hans Edvard Nordang (Jonas Austnes, 86), Nikolai Jensen (Denis Sjåstad, 90) – Ole Johan Urke (Marius Austnes, 65), Tarjei Gjerset Urkedal, Christian Sæther (Fredrik Krogsæter, 75), Ole Kristian Aarseth – Magnus Austbø Seth (Per-Stian Alvestad, 82), Kristoffer Søviknes.
Diverre fekk dei andre laga rundt Norborg på tabellen også poeng. Emblem vann som venta 3-0 over Stranda, medan FK Sykkylven fekk eit litt overraskande poeng borte mot Godøy (2-2) og Valder vann 4-2 over tetlaget Langevåg. Hareid tapte 2-4 for Skarbøvik og er no på skothald for laga på nedre halvdel etter 4 tap på siste 5. Fredag vann Ørsta 3-1 over Skodje i eit viktig botnoppgjer.