Godøy – Norborg 0-2 (0-0)
Godøy kgb, 20.10.2016
Sjansar: 4-8
Cornere: 9-3
0-1 Pedro Silva (51)
0-2 Pedro Silva (55)
Norborg gjorde jobben og vann den vanskelege bortekampen mot Godøy med to mål like etter sidebyte av Pedro Silva. Norborg hadde stort sett kontroll defensivt og skapte flest sjansar i ein godt gjennomført kamp.
Alle visste at berre siger var godt nok i denne kampen for å redde plassen i 4. divisjon. Motstanden kunne ha vore lettare for Norborg har reist frå Godøya med utallige tap. Ein fattig gong, i 2009, har ein greidd å hente heim tre poeng frå denne øya, men Norborg har denne sesongen vist at ein kan gjere gode bortekampar.
Juniorrekka Nikolai Jensen, Jonas Austnes og Fredrik Krogsæter fekk tillit i forsvaret saman med bautaen Hans Edvard Nordang. Fjørtoftingen skal spele for moderklubben neste år og var særs innstilt på at opphaldet i Norborg ikkje skulle ende med nedrykk. At desse fire gutane berre har 70 minutts fotball mot Emblem saman var det ingen som kunne sjå. Godøy, som før denne runda hadde scora nest mest mål i divisjonen, slapp knapt nok til sjansar på desse 90 minutta.
Norborg gjekk aggressivt til verks og hadde spelet i opninga av kampen. Den første sjansen kom på indirekte frispark då Godøy sin keeper Tilseth plukka opp eit tilbakespel. Diverre greidde ikkje Norborg å utnytte sjansen frå kloss hald. Hans Edvard Nordang sette ballen over tverrliggjaren.
Godøy tok etter kvart over spelet og spelte seg fram til mange hjørnespark, men Norborg fekk avverja gong på gong. Halvvegs ut i omgangen glapp det i forsvar for første gong då Kristoffer Holmen Dyb tok med seg ballen frå kanten og inn i 16 meteren, men Geir Roar Gamlem redda forsøket.
I dei siste ti minutta av omgangen tok Norborg igjen over spelet og var uheldige som ikkje fekk ballen i nota før pause. Omgangens siste sjanse var det likevel Godøy og den notoriske måljegeren Trond Brynestad som fekk då han fekk ein ball i bakrom. Åleine med keeper sette han ballen utanfor mål. Vi føler likevel at det var Norborg som kunne vere mest skuffa over å ikkje leie til pause.
Norborg starta 2. omgang forrykande. Først redda keeper Tilseth Magnus Austbø Seth sitt forsøk etter oppspel frå Nordang. To minutt seinare kom så den forløsande scoringa då Pedro Silva tuppa ballen i mål etter pasning frå Kristoffer Søviknes. 0-1, og Norborg var over nedrykksstreken. Få minutt seinare var Seth farleg frampå, men skotet hans vart blokkert til corner. Den sette Pedro Silva rett i mål til 0-2 og ellevill jubel.
Norborg hadde etter måla kontroll defensivt og opptrådde med stor rutine. Eit par farlege situasjonar kom sjølvsagt eit godt lag Godøy seg til, men sigeren var aldri trua.
– Ein utruleg godt gjennomført kamp av alle som var utpå der, sa trenar Oddmund Davik Otterlei. Vi var konsentrerte, jobba godt i lag og lot Godøy sjeldan sleppe til. Veldig fortent siger og ekstremt artig.
Mange gode på Norborg i denne kampen, for ikkje å sei alle, men skal vi ta fram nokre spelarar må det vere Pedro Silva som stod for måla og forsvarssjef Hans Edvard Nordang. Magnus Jenssen fekk sin debut for Norborg sitt A-lag.
Norborg enda til slutt på 7. plass i 4. divisjon.
Laget: Geir Roar Gamlem – Nikolai Jensen, Jonas Austnes, Hans Edvard Nordang, Fredrik Krogsæter – Magnus Austbø Seth (Magnus Jenssen, 90), Christian Sæther, Tarjei Gjerset Urkedal, Øyvind Sundnes (Kristian Søviknes, 93) – Kristoffer Søviknes (Marius Austnes, 75), Pedro Silva (Per-Stian Alvestad, 85).
Dommar: Rohollah Ahmadzai (Langevåg)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Jonny Dyb (Giske)
Pedro Silva, for ikkje å seie San Pedro (St. Peter), scora begge Norborg sine mål. Lepsøyingen som kom og ville spele fotball i Norborg i fjor sommar har i haust hatt ei særs god utvikling med fem mål på dei siste fem kampane.