FK Sykkylven – Norborg 4-0

FK Sykkylven – Norborg 4-0 (3-0)
Ikornnes Idrettspark, 21.04.2016

Sjansar: 14-3
Cornere: 7-9

1-0 Vegard Kaland (8)
2-0 Bengt Hole Alnes (18)
3-0 Martin Blindheim (19)
4-0 Bengt Hole Alnes (51)

Eit innsatsfylt heimelag vann alt av duellar og Norborg var heldige som berre låg under 3-0 til pause. For utan dei første fem minutta etter pause då ein skapte to store sjansar og hadde fire hjørnespark, så var FK Sykkylven best i alt og gav Norborg juling.

Torsdag reiste vi til Ikornnes med god tru på minst eitt poeng. Vi kom frå ein kamp mot Larsnes/Gursken der vi var godt organisert og jobba bra. Dersom vi kunne fortsette i det sporet, samt skape litt meir offensivt så burde FK Sykkylven bli slått. Diverre kunne vi tidleg slå fast at vi spora av og gjekk rett i bergveggen. Heldigvis er alle i live og kan sjå fram til ny kamp neste veke.

Sist vi var på Ikornnes scora FK Sykkylven på sine tre siste sjansar så kampen enda 3-3. Denne gong scora dei på sine tre første sjansar og gav vårt unge mannskap eit solid slag i trynet. Det var likevel ikkje våre unge spelarar som var delaktig i baklengsmåla. Det var dei rutinerte. 1-0 kom etter sløvt press så ein sykkylvsspelar får tid og rom til å slå ballen inn framfor mål. Keeper og stopper kolliderer og ballen blir berre vidareformidla til Vegard Kaland som klinka ballen i nota frå 7-8 meter. 2-0 kom ved Bengt Hole Alnes då han stussa eit frispark over hendene på keeper og i mål. Like etter sette Martin Blindheim inn 3-0.

Norborg betra seg litt etter denne kalddusjen, men greidde ikkje å skape anna enn eit par halvsjansar og nokre hjørnespark. Mot slutten av omgangen så tok heimelaget kraftig over og skapte sjanse på sjanse utan å score. 8-0 noterte vi i sjansar til FK Sykkylven. Det kunne berre bli betre i 2. omgang.

Den omgangen starta også lovande av Norborg. Ein sette inn eit bra trykk og var nær ved redusering to gongar, men ein kom ikkje nærmare enn Kristoffer Søviknes sitt skot i tverrliggjaren. Så tabba ein seg ut defensivt og Bengt Hole Alnes sette inn 4-0. Kampen var over og FK Sykkylven fekk leike seg mot demotiverte norborgarar. Fleire mål vart det likevel ikkje.

Det som skuffa mest i denne kampen var at ein ikkje gav alt i duellane. Alle kan ha ein spelemessig svak dag og “spele med stein i skoa”, men det å ikkje trøkke til i duellane og jobbe om kvar ein ball er ei skam. Dette er det heldigvis lett å rette på. Vi ser dermed med glede fram til heimekampen mot Stranda torsdag 28. april kl. 19.

Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 46) – Jonas Austnes, Kristoffer Søviknes (M. Austnes, 84), Jan Tore Fjørtoft, Tor Abelseth (Kristian Søviknes, 46) – Ole Johan Urke (Pedro Silva, 60), Christian Sæther, Marius Austnes (Magnus Seth, 46), Nikolai Jensen (Per-Stian Alvestad, 71) – Ole-Kristian Aarseth, Hans Edvard Nordang (Fredrik Krogsæter, 36).