Valder – Norborg 4-4 (2-2)
Valdervoll KGB, 15.10.2015
Sjansar: 9-7
Cornere: 3-0
Avslutningar på mål: 10-7
Avslutningar utanfor: 4-5
1-0 Jonathan Mulelid (7)
2-0 Christer Bakken (16)
2-1 Martin Sundnes (19)
2-2 Martin Sundnes (43)
3-2 Steffen Oksnes Elde (str. 51)
4-2 Steffen Oksnes Elde (63)
4-3 Martin Sundnes (67)
4-4 Martin Sundnes (90)
Martin Sundnes vart dagens mann då han scora fire mål og sørga for poengdeling i bortekampen mot Valder. Hans siste for kvelden var for øvreg Norborg sitt seriemål nummer 2000 sidan starten i 1968. Kampen bar elles preg av at det nærmar seg slutten på sesongen. Norborg var hakket best før pause, medan Valder var best etter kvila. Då hadde Norborg null struktur i sitt defensive spel, men Valder gjekk i offside etter offside og måtte ha to dødballar for å score mål.
– I kveldens kamp mot Valder viser vi god lagmoral. Vi henter opp 0-2 til 2-2 og 2-4 til 4-4, det er sterkt! I sesongens siste bortekamp er det umulig å ikke trekke frem Martin med sine 4 mål, hadde han vært med fra seriestarten hadde vi vunnet divisjonen enkelt….. Ønsker også å trekke frem Trond (44 år) som uten å ha trent på flere år, tok på seg keeperhanskene i kveldens kamp! Stor idrett Martin og Trond, sa trenar Stig Johansen etter kampen.
Norborg har aldri tatt poeng på Valdervoll KGB, og etter eit drygt kvarters spel såg det ikkje sånn ut i kveld heller. For sjølv om Norborg hadde mykje ball var der Valder som stod for måla. Sju minutt ut i kampen fekk Jonathan Mulelid stå heilt åleine ti meter frå mål og klinka pasninga frå høgre i mål. 2-0 kom etter eit frispark som vart slått inn i feltet der Christer Bakken heada i mål frå 7-8 meter.
Få minutt etter var Mulelid nær sitt andre mål, men keeper Trond Elstad varta opp med ei glimrande reaksjonsredning. Ballen gekk til Kristoffer Hildrestrand som klarerte langt opp på bana. Ballen havna til slutt hos Martin Sundnes som avanserte 20-25 meter med ballen før han klinka den i mål frå 18 meter. Norborg var best i denne omgangen og både Ole-Kristian Aarseth og Kristoffer Hildrestrand hadde kvar sin sjanse til å utlikne. To minutt før pause fekk så Sundnes sjansen igjen etter eit langt oppspel av Jan Tore Fjørtoft. Sundnes tok ned ballen og venta ut keeper Lovlund før han sette ballen kaldt i mål.
Valder gjekk hardt ut etter pause og var klart best dei første tjue minutta av omgangen. Fem minutt ut i omgangen stod Norborg sitt forsvar høgt og Valder sin spiss stakk i bakrom, mottok ball og kom åleine med keeper Elstad. I eit forsøk på å runde han vart han litt hindra, men fekk fortsette før han avslutta utanfor. Assistentdommar vinka så for straffe. Vi som trudde at dersom du har fått avslutta kan du ikkje få straffe. Vel, straffe vart dømt og den sette Steffen Oksnes Elde sikkert i mål til 3-2. Dryge ti minutt seinare sette same mann inn 4-2. Denne gong på eit frispark frå 27 meter. Men, Norborg har Martin Sundnes. Og han var absolutt ikkje ferdig for dagen.
Halvvegs ut i omgangen fekk han ein stikker frå Hildrestrand. Vinkelen var skrå, men Sundnes er ein målsnik av dei sjeldne og fann luka mellom beina på keeper og i mål. Norborg etterlot seg stort bakrom, men Valder var for hissig på grauten og gjekk stadig i offside. Norborg var også heldig som unngjekk straffe nummer to eit kvarter før slutt.
Norborg fekk ikkje til så mykje offensivt. Til det vart det for mange feilval. Men i det vi skulle til på overtida fann Per-Stian Alvestad sin stuss Martin Sundnes nede på kortlinja. Han tok eit par steg inn på bana før han sette ballen i nota til 4-4. Hans fjerde mål for dagen og Norborg sitt nummer 2000 sidan 1968. 18 år etter at Øyvind Kvammen scora mål nummer 1000. Kven som scora det første har vi aldri fått rede på..
På overtida fekk Norborg eit par dødballar, men greidde ikkje å sette keeper på prøve. Dermed enda kampen 4-4. Greit nok etter spel og sjansar.
Neste kamp er heime mot Rollon laurdag 24. oktober kl. 15. Det skulle ha vore ein opprykksfinale, men diverre rota Norborg bort for mange poeng i vårsesongen. Rollon vann i kveld 5-0 over Vartdal og er klar for 3. divisjon 2016. Vi gratulerer Sunnmøre sin eldste fotballklubb med prestasjonen!
Laget: Trond Elstad – Kristoffer Hildrestrand (Nikolai Jensen, 85), Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Elling Mikal Kalvø – Jan Tore Fjørtoft, Christian Sæther (Bendik Brunvoll, 87), Tarjei Urkedal (Joakim Roald, 76), Kristoffer Søviknes (Fredrik Krogsæter, 46) – Ole-Kristian Aarseth (Per-Stian Alvestad, 72), Martin Sundnes.
Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Magne Krumsvik (Hødd) og Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Martin Sundnes starta sin første kamp sidan 20. oktober 2012. Sjøvsagt scora han den gong også, men då for moderklubb Brattvåg. I dag starta han sin første kamp for Norborg og putta ballen i mål heile fire gongar. Og for nokren mål. Det var både langskot og luke.