Valder – Norborg 3-3 (1-2)
Valdervoll KGB, 18.02.2015
Sjanser: 9-8
Cornere: 7-2
0-1 Ole-Kristian Aarseth (24)
0-2 Ole-Kristian Aarseth (34)
1-2 Mikal Dyb (39)
2-2 Steffen Oksnes Elde (57)
3-2 Jonathan Mulelid (60)
3-3 Øyvind Sundnes (73)
– Ein sjanserik kamp. Pretstasjonsmessig varierer vi for mykje i løpet av kampen og i omgangene, men vi blir gradvis betre. Vi møter eit hardtarbeidande, aggressivt og duellsterkt Valder-lag. Også i denne kampen fekk mange speletid (17), noe som er viktig med den gode stallen vi har. Vigra er motstandar neste onsdag, då vil prestasjonane vere endå betre. Vi må jobbe hardt for at dei gode periodane våre skal bli lengre, og dei mindre gode periodane kortare. Rolegere med ball og bruke meir tid i oppbygginga av det offensive spelet vårt mot etablert, sa trenar Stig Johansen etter kampen.
Norborg starta kampen best og var nær leiing allereie før minuttet var gått, men etterkvart tok Valder over spelet og vann dei feste duellane. Dei var også særs nær mål sju minutt ut i kampen, men keeper Geir Roar Gamlem redda glimrande. Mot halvspelt omgang starta Norborg igjen å få eit grep om kampen. I det 24. minutt kom også leiarmålet då Ole-Kristian Aarseth putta frå kloss hald etter retur på eit forsøk frå Øyvind Sundnes. Ti minutt seinare doblar Aarseth leiinga på eit flott skot med venstra frå 16 meter. Aarseth hadde også sin sjanse til å score sitt tredje mål før pause, men åleine med keeper var det sistnemnde som vann duellen. Valder reduserte til 1-2 fem minutt før pause då Mikal Dyb putta frå kloss hald etter ein overgang.
Norborg skapte dei fleste klare sjansane i denne omgangen å leia fortent basert på det, men Valder vann dei fleste duellane og var ikkje ufarlege.
I 2. omgang var det Valder for alle penga det første kvarteret. Tre sjansar vart svidd før Steffen Oksnes Elde hamra ballen i mål frå dryge 20 meter. Få minutt etterpå snudde Valder kampen då Norborg mister ballen midt på eigen halvdel og Jonathan Mulelid blir spelt fri. Alle på Norborg venta på at fløyta skulle gå for offside, men Mulelid fekk fortsette å scora sikkert åleine med keeper.
Norborg vakna litt etter dette og dryge kvarteret før slutt sette Øyvind Sundnes inn utlikninga då han forfølgjer ein ball i bakrom, tek den med seg på kassa og sette ballen i nota. Flott prestasjon av Øyvind.
Neste kamp for Norborg er heime mot Vigra onsdag 25. februar kl. 19.
Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 68) – Jan Tore Fjørtoft, Erlend Coates, Hans Edvard Nordang (Stian Skogvoll, 64), Daniel Aakre (Kristian Søviknes, 46) – Tarjei Urkedal, Mathias Fjørtoft (Kristoffer Søviknes, 80) – Kristoffer Hildrestrand (Bendik Brunvoll, 68), Kristoffer Søviknes (Adrian Håbet, 46), Ole-Kristian Aarseth (Ole Johan Urke, 76) – Øyvind Sundnes.
Dommer: Johnny Dyb