Rollon – Norborg 3-2 (1-1)
Rollon kgb, 25.06.2015
Sjansar: 9-7
Cornere: 6-7
1-0 Erlend Dybdal (24)
1-1 Hans Edvard Nordang (34)
1-2 Tarjei Gjerset Urkedal (51)
2-2 Peter Wilhelmsen (83)
3-2 Johan Strand (96)
5 minutt og 50 sekund på overtid måtte Norborg sjå ballen gå i mål og krigen mot Rollon var tapt. Sjølve kampen vart ein luftkrig av dei sjeldne. Etter å ha snudd kampen til sin favør hadde Norborg lenge god kontroll på Rollon sitt luftskyts, men lempar ein ballen nok gongar inn i motstandars 16 meter så vil det til slutt bli farlege situasjonar. Det siste kvarteret hadde Norborg blitt låk i nakke og hovud og Rollon fekk kjempa inn to mål. Surt, men fortent nok sidan dei oransje ikkje fekk til noko konstruktivt den siste halvtimen.
Rollon starta kampen klart best. Dei jobba hardt, vann duellane og hadde trykket mot Norborg sitt mål. Engelstad, Dybdal og Gjerde kom seg til brukbare sjansar dei første ti minutta, men utan resultat. Norborg jobba seg gradvis inn i kampen etter dette voldsame kjøret av heimelaget, men så er ein lite merksam eit augenblink og Kristian Engelstad er igjennom etter eit oppspel bak Norborg sitt forsvar. Keeper Geir Roar Gamlem fekk nokre fingrar på Engelstad sin lobb, men ballen gjekk til Erlend Dybdal som putta i tomt bur medan norborgarane ropte på offside til ingen nytte.
Norborg tok grep om kampen og dryge ti minutt før pause vart Ole Johan Urke sparka ned innafor straffefeltet. Dommar Halsen peika på 11 meteren og Hans Edvard Nordang sette straffa sikkert i mål til 1-1. Norborg fortsette trykket og få minutt seinare var Ole-Kristian Aarseth igjennom. Han satsa på å slå ballen forbi keeper, men keeper Mathisen stoppa ballen med handa utanfor 16 meteren. Ein klar viljehands som bakarste mann og noko som burde ha gitt eit raudt kort, men dommar drog opp det gule. Minuttet før pause var Ole Johan Urke på veg igjennom, men vart lagt i bakken innafor straffefeltet. I vantru såg norborgarane at dommaren vinka spelet vidare. Her vart Norborg snytt for straffe. Dermed stod 1-1 seg til pause etter at laga hadde hatt kvar sin periode av omgangen.
2. omgang starta slik den første slutta. Norborg hadde spelet og tok leiinga på sin andre sjanse i omgangen då Tarjei Gjerset Urkedal snappa opp ein stuss frå Ole-Kristian Aarseth, sprang frå forsvaret og scora sikkert åleine med keeper. Norborg hadde snudd kampen og verka å ha full kontroll på eit primitivt heimelag. Eit par minutt seinare er ein nær ved å auke leiinga, men Øyvind Sundnes si avslutning vart redda til corner av keeper.
Så sluttar Norborg å spele ball. Ein mister ballen i lite gunstige posisjonar og kom seg aldri opp i bana. I starten av omgangen greidde ikkje Rollon å skape noko med sine lange ballar mot Daniel Gjerde, men trykket vart kraftigare og kraftigare og til slutt kom sjansane. Eit kvarter før slutt såg dei fleste ballen inne, men ein Norborg-spelar fekk redda på strek. I det 82. minutt vart Kim Haagensen lagt i bakken og dommar peikar på straffemerket. Johan Strand er normalt sikker, men keeper Geir Roar Gamlem tok ut det beste og redda straffesparket for så å berre sjå at Peter Wilhelmsen scorar på den påfølgjande corneren. Eit par minutt seinare var Torkill Nelvik åleine igjennom, men avslutta utanfor mål.
Norborg fekk lite til i denne perioden, men eitt minutt på overtid trykker ein skikkeleg på etter ein corner. Fleire skot vart avfyrt før ballen gjekk til Kristian Søviknes på kanten av 5 meteren. Diverre sette “Snesen” ballen i nettveggen. Medan dei fleste venta på at dommaren skulle blåse for full tid fekk Rollon ein siste sjanse langt på overtid. Ballen vart slått inn frå venstrekanten og fann Johan Strand framfor mål som sette den i nota frå kloss hald til 3-2. Bittert for Norborg. Ellevill glede i Rollon-leiren.
Ein time ut i kampen kunne vi igrunn ikkje sjå at Rollon skulle kome tilbake i denne kampen. Norborg hadde fått den inn i sitt spor og framstod som eit betre lag. Men så gjekk rullgardina ned og ein greidde ikkje å utføre enkle ting. Klareringane gjekk rett til vers og duellane vart tapt. Særs skuffande av Norborg.
Neste kamp er borte mot Vartdal torsdag 13. august.
Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Henning Koppen (Kristian Søviknes, 64) – Ole Johan Urke (Stian Skogvoll, 86), Tarjei Urkedal, Christian Sæther (Nikolai Jensen, 90), Daniel Aakre – Øyvind Sundnes, Ole-Kristian Aarseth.