Ørsta – Norborg 3-5

Ørsta – Norborg 3-5 (2-3)
Ørsta KGB, 16.09.2015

Sjansar: 11-6
Cornere: 7-5
Avslutningar på mål: 9-9
Avslutningar utanfor: 9-2

0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (5)
0-2 Øyvind Sundnes (6)
0-3 Ole Johan Urke (11)
1-3 Vidar Liaskar (31)
2-3 Torstein Lianes (38)
2-4 Steffen Grytten (49)
2-5 Steffen Grytten (61)
3-5 Terje Haugen Øye (str. 68)

Norborg viste effektiv fotball og tok sin 6. strake siger då Ørsta vart slått onsdag kveld. Norborg var gode det første kvarteret og skaffa seg ei 3-målsleiing før Ørsta tok fullstendig over og var nær ved å hente opp Norborg si leiing før pause. I 2. omgang hadde Ørsta mykje ball, men Norborg låg disiplinert i forsvar og jobba hardt. To mål av Steffen Grytten sørga for at poenga ikkje var truga.

Vi er i flytsona, då vinn vi også slike kamper! Effektiviteten framfor mål avgjer denne kampen i vår favør. Strålande nøgd med første 15 og siste 45 minutta. Då har vi god struktur i laget, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Pang, pang, pang! Tre mål på tre sjansar dei første 11 minutta sørga for eit godt utgangspunkt for Norborg på Ørsta si frykta kunstgrasbane. Ei bane Norborg aldri har tatt poeng på. 4-0 og 5-2 tap vart det i henhaldsvis 2011 og 2012. Det første målet kom etter eit praktangrep. Kristoffer Hildrestrand vende spelet med ein herleg crossar til Ole Johan Urke på høgrekanten. Han tok med seg ballen og fann Tarjei Urkedal framfor mål som hamra ballen i mål. Jubelen på Norborg-benken hadde knapt lagt seg då Urkedal fyrte av igjen, men denne gong i ein spelar frå Ørsta. Ballen gjekk så til Øyvind Sundnes som plasserte den enkelt i mål frå 8-10 meter. Nokre minutt seinare greidde ikkje Ørsta å klarere ein corner og då keeper ikkje greidde å halde Christian Sæther sitt skot banka Ole Johan Urke returen i mål frå 5-6 meter. Ein perfekt start for Norborg.

Etter denne gode opninga starta Ørsta å gradvis ta over kampen. Ein dryg halvtime ut i kampen hang ikkje Norborg med då Vidar Liaskar spelte vegg med Mats Øvrebotten og plasserte ballen sikkert i mål åleine med keeper. Dette tente heimelaget endå meir og Ørsta rundspelte Norborg det siste kvarteret av omgangen. I det 38. minutt heada Torstein Lianes inn eit frispark og det vart på ny stor spenning i kampen. Ørsta sjapte tre store sjansar i minutta før pause, men greidde ikkje å overliste ein strekkskadd keeper Geir Roar Gamlem.

I 2. omgang fekk Norborg igjen eit tidleg mål då keeper måtte gi retur på eit skot frå Fredrik Krogsæter. Steffen Grytten var vaken på returen og sette den under keeper og i mål. Steffen sitt første mål på over tre år, men han var ikkje ferdig for kvelden. Dryge ti minutt seinare vann han ballen inne på eigen banehalvdel og fann Øyvind Sundnes som tok med seg ballen inn i 16 meteren for så å “curle” den rundt forsvaret til Steffen på eit sugande løp inn mot 5-meteren. Åleine på bakarste stolpe gjorde han ingen feil og sette ballen sikkert i mål til 2-5.

Norborg sine spelarar jobba knallhardt og let Ørsta sjeldan sleppe til i opent spel, men store karar som Lianes, Brobakke, Øvrebotten og Øye vart det farleg på dødballar. Halvvegs ut i omgangen ropte Ørsta med rette på straffe då Kristian Søviknes redda på strek med handa etter ein corner. Dommar Steinsbu vinka spelet vidare, men minuttet seinare fekk Ørsta straffa si. Den sette Terje Haugen Øye sikkert i mål til 3-5. For øvreg Norborg sitt baklengsmål nummer 1900 sidan starten i 1968.

Norborg hadde stort sett kontroll dei siste 20 pluss tillegg, men måtte sjå Pedro Silva bli utvist for munnbruk fem minutt på overtid.

Norborg leverte ikkje festfotball denne gong, men scora likevel 5 mål. Ved sidan av scoringane skapte ein lite framfor Ørsta sin keeper, men på eit underlag ein alltid har mislikt (elendig kunstgrasdekke), jobba ein godt og fann formasjonen defensivt i 2. omgang etter å ha vore i nærmast oppløysing siste kvarteret av 1. omgang. Det lover også godt at sjølv om ein mangla faste spelarar som Hans Edvard Nordang, Elling Mikal Kalvø, Mathias Fjørtoft og Kristoffer Søviknes, så fortsette ein å vinne.

Neste kamp er heime mot Emblem torsdag 24. september kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem (Joakim Kjærstad, 46) – Kristoffer Hildrestrand, Jan Tore Fjørtoft, Henning Koppen, Steffen Grytten – Kristian Søviknes (Nikolai Jensen, 87), Christian Sæther (Joakim Roald, 90), Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 46) (Pedro Silva, 81) – Ole-Kristian Aarseth, Øyvind Sundnes.

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Norvald Helge Lausund (Lepsøy) og Jan Erik Myklebust (Åmdal)


Steffen Grytten kan smile breidt etter å ha scora Norborg sine to mål etter pause. Dette var hans seriemål nummer 30 og 31 og totalt nummer 54 og 55 for Norborg sitt A-lag. Sist Steffen scorte to mål i samme kamp var borte mot Langevåg 2. oktober 2009. Norborg vann for øvreg den kampen 3-0.