Norborg – Valder 2-0

Norborg – Valder 2-0 (0-0)
Uggedal stadion, 22.06.2015

Sjansar: 7-6
Cornere: 5-4

1-0 Ole-Kristian Aarseth (66)
2-0 Øyvind Sundnes (79)

Etter trøysteslause 65 minutt fann Norborg på-knappen og behaldt alle poenga i Uggedalen etter to flotte mål. Med sigeren har ein no fått kontakt med tetlaga i divisjonen.

Eg er nøgd med 2. omgangen, spesielt dei siste 30 er vi gode. Skårer to fine mål, etter flotte forarbeid, samt at vi har god kontroll bakover. Det held til ein fortent siger, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

For Norborg gjorde nok ikkje meir enn dei måtte i denne kampen. I 1. omgang var ein direkte svak. Valder var heller ikkje imponerande, men dei jobba hardt defensivt, hindra rom og skapte dei fleste situasjonane framfor mål. Utteljing vart det likevel ikkje trass sjansar til Adrian Blindheim, Jonathan Mulelid og to forsøk etter dødball. Norborg på si side noterte seg for ein skikkeleg sjanse då Kristoffer Hildrestrand sitt innlegg fann 500-kampars jubilant Tarjei Gjerset Urkedal framfor mål, men forsøket fauk over gjestekeeper Lovund sin tverrliggjar. Omgangen var elles prega av mange feilpasningar, duellar og lite oppfinnsamt spel.

2. omgang starta heller ikkje lovande for heimelaget, men plutseleg fekk vi sjå festfotball då Kristoffer Hildrestrand spelte vegg med Mathias Fjørtoft, dribla seg inn mot femmeteren og fann Ole-Kristian Aarseth framfor kassa. Han fekk ein enkel jobb med å putte ballen i mål til 1-0. Og no vakna Norborg. Få minutt seinare var Aarseth nær sitt andre mål, men keeper Lovund varta opp med ei god reaksjonsredning. Fem minutt seinare trudde mange at Tarjei Urkedal skulle få sitt mål nummer 215 i sin jubileumskamp då han finta vekk stopparen og sendte ballen mot lengste kryss, men ein Valder-spelar kom i vegen og ballen skifta litt retning og gjekk like utanfor.

I staden for mål måtte Urkedal nøye seg med målgjevande. Dryge ti minutt før slutt sende han ballen i bakrom til Øyvind Sundnes. Han tok den med seg mot keeper, finta seg inn i bana og sette den sikkert i mål til 2-0. I sluttminutta fekk begge laga kvar sin sjanse, men keeper redda Aarseth sitt forsøk, medan tverra stod i vegen for Valder.

Norborg viste seg til slutt som eit betre lag enn Valder og vann fortent basert på den siste halvtimen. Ein skapte dei fleste klare sjansane, men kunne raskt ha kome under med eit mål eller to den første timen. Då var det alt for mange som var langt under pari og skapte dårleg rytme i angrepa.

Christian Sæther, Elling Mikal Kalvø og Kristoffer Hildrestrand var Norborg sine tre beste i denne kampen.

Neste kamp er allereie på torsdag. Då stor bortekamp mot Rollon for tur.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Christian Sæther (Joakim Roald, 86) – Ole Johan Urke (Kristian Søviknes, 46), Steffen Grytten (Øyvind Sundnes, 46), Mathias Fjørtoft, Daniel Aakre (Stian Skogvoll, 90) – Tarjei Urkedal, Ole-Kristian Aarseth (Nikolai Jensen, 90).

Dommar: Henrik Sunde (MSIL)
Assistentar:Tove Marie Tandstad (VRF) og Lars Ove Sletta (Langevåg)