Norborg – Stranda 1-1 (1-1)
Uggedal kgb, 17.03.2015
Sjansar: 10-9
Cornere: 5-4
1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (31)
1-1 ? (39)
Begge lag hadde sine sjansar til å bikke denne kampen i sin favør, men ingen imponerte framfor motstandars mål og uavgjort var dermed eit greit resultat.
– Ungdomsrekka imponerer! Under kveldens kamp mot Stranda viste 5 juniorer og 1 guttespiller seg frem for hjemmepublikummet på en positiv måte. Uredde med gode basisferdigheter, blikk for spillet, god fart og fotballforståelse. Legger vi til at de har gode holdninger, er treningsvillige, lydhør og har et sterkt ønske om å utvikle seg, ser Norborg sin fremtid lys ut! Dagens kamp var jevn og kunne bikket begge veier. Stranda ga oss en god treningsøkt, det takker vi for, sa trenar Stig Johansen etter kampen.
Norborg lot dei som ikkje var med på treningsleiren til Tyrkia, samt ein del juniorar få prøve seg i kveldens treningskamp mot Stranda i praktfulle speletilhøve på Uggedal KGB.
Etter jamne opningsminutt tok gjestane frå Stranda tak i kampen og produserte tre store sjansar, men kom ikkje nærmare enn eit skot i tverra. Elles stod ein god keeper Joakim Kjærstad i vegen. Norborg mangla presisjon og rytme i spelet sitt, og fann heller ikkje heilt formasjonen defensivt. Ei lita omlegging gav straks betre struktur i laget og i det 31. minutt gav Tarjei Urkedal Norborg leiinga då han vart spelt fri av Øyvind Sundnes. Åleine med keeper sette storscoraren ballen sikkert i mål med ei tidleg avslutning. Hans mål nummer 210 i karriera for Norborg sitt A-lag. Kim Idar Krogsethagen (213 mål) søv dermed endå meir utrygt.
Norborg var også nær ved å gå opp i 2-0 på ein corner få minutt etter, men Stranda redda på strek og ballen havna til slutt i keeper sine hender. I staden blir det 1-1 etter ei forsvarstabbe og scoring åleine med keeper.
Etter pause får begge lag fleire sjansar til å avgjere kampen i sin favør, men Norborg sine avslutningar er for svake, medan banens bestemann, Norborg-keeper Joakim Kjærstad, stengte buret med fleire meisterlege redningar. I denne omgangen kom også stadig fleire juniorar på bana, samt gutespelar Nikolai Jensen. Han fekk berre eit kvarter, men det var nok til å markere seg med kloke val og gode avleveringar.
Stranda fekk nesten ein revansje frå fjorårets timålstap og blir nok heilt sikkert eit topplag i 5. divisjon dette året.
Neste kamp for Norborg er NM-kvalifisering mot Brattvåg onsdag 25. mars kl. 19 i Uggedalen.
Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Steffen Grytten, Kristjan Haidla, Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Martin Gjerde, 81), André Larsen (Stian Grytten Skogvoll, 63), Christian Sæther (Nikolai Jensen, 75), Joakim Roald (Bendik Brunvoll, 54) – Tarjei Gjerset Urkedal (Per-Stian Alvestad, 87), Øyvind Sundnes.
* Kristjan Haidla spelte sin første kamp frå start av for Norborg då han fekk tillit etter at Henning Koppen melde forfall grunna sjukdom. Junioren greidde seg godt i spann med Steffen Grytten, som har gjort comeback i år etter nokre års pause.
Dommar: Arild Vegsund
Assistentar: Odd Arne Grande og Arve Toven