Norborg – Ørsta 1-0 (0-0)
Uggedal stadion, 22.05.2015
Sjansar: 6-2
Cornere: 5-6
1-0 Elling Mikal Kalvø (85)
Ei sein scoring av Elling Mikal Kalvø sikra Norborg tre fortente poeng mot Ørsta. Norborg var solide defensivt, men sleit med å skape like mange sjansar som i dei foregåande kampane mot eit godt organisert Ørsta-lag.
Trenar Stig Johansen sa dette etter kampen: Ein deileg arbeidssiger! Dette fortente gutane, kjekt å sjå gleda i garderoba etter kampen! I dag var vi nok en gang gode defensivt og held nullen for andre kamp på rad. Framover på bana slit vi litt mot eit godt organisert Ørstalag, men produserer nok til å avgjere kampen i vår favør! Det er også kjekt å kunne sleppe til ein gutespelar i løpet av kampen, nok eit bevis på at det gror godt i Norborg!
Ein del forfall hos begge lag denne våte fredagen i Uggedalen. Norborg mangla 4 av dei 11 som starta mot Vigra sist, og testa dermed ut nye konstellasjonar som for eksempel Hans Edvard Nordang på sentral midtbane. Norborg starta best og hadde eit visst trykk mot Ørsta gjennom heile omgangen, men sjansane kom ikkje akkurat på løpande band. Nokre vart det likevel, som i det 10. minutt då Jan Tore Fjørtoft lurte backen nede ved kortlinja. Innlegget trefte ein Ørsta-spelar så ballen gjekk ut til Kristoffer Hildrestrand på 10-12 meter. Diverre redda keeper Martin Liaskar forsøket. Ti minutt seinare fekk Øyvind Sundnes sjansen etter at ein gjesteforsvarar ikkje greidde å dempe ballen. Sundnes tok med seg ballen mot kanten av femmeteren, men skotet mot nærmaste kryss vart redda av keeper. Eit kvarter før pause var ein Ørsta-spelar nær ved å sette ballen i eige mål etter eit helspark av Sundnes, men keeper Liaskar varta opp med lynrask reaksjon. Dermed var det 0-0 til pause i ein omgang Norborg hadde stålkontroll defensivt.
Etter pause var det lenge keisamt sett bort i frå ein tidleg sjanse til Kristoffer Hildrestrand. Han fekk kome heilt umarkert inn i 16 meteren, men diverre var innspelet frå høgrekanten nokre centimeter upresist så han fekk ein vanskeleg jobb med avslutninga og keeper redda enkelt. Litt seinare trefte Hans Edvard Nordang tverra på eit frispark frå langt hald, men keeper hadde nok god kontroll på forsøket. Tjue minutt ut i omgangen spelte Ørsta seg fram til sin første av to sjansar då Jan Marius Brekke dribla eit par mann, men greidde ikkje å overliste keeper Geir Roar Gamlem. Nokre minutt seinare kom gjestesjanse nummer to då ein corner gjekk over keeper og til ein ørstaspelar som stod nærmast på streken. I staden for å putte ballen i mål vart forsøket ei klarering.
Like etter vart kampen stoppa i nokre minutt då keeper Gamlem fekk smake knottane til ein ørsting. Gamlem måtte forlate bana med rift i haka. Det heile såg dramatisk ut, men Gamlem forlot Uggedal stadion for eiga maskin etter kampen og har det bra. Norborg såg ut til å ha nytta pausa bra. Ein fekk igjen kontroll på kampen og fem minutt før slutt heada Elling Mikal Kalvø inn 1-0 etter ein corner av Jan Tore Fjørtoft. 240 minutts måltørke var endeleg over. Norborg var nær å doble leiinga i det 90. minutt då Hildrestrand kom seg rundt op kant og fann Christian Sæther framfor kassa, men avslutninga frå kloss hald vart godt redda av keeper.
Sjølv om Norborg sitt offensive spel hadde ein del rusk i maskineriet med feilpasningar og feilval så var det solid defensiv innsats. Ørsta kom seg berre til to sjansar i løpet av 90 minutt.
Neste kamp for Norborg er borte mot Emblem torsdag 28. mai. Ein tøff bortekamp mot det som truleg er divisjonens beste lag.
Laget: Geir Roar Gamlem (Ronald Søvik Olsen, 77) – Jan Tore Fjørtoft, Henning Koppen (Sundnes, 77) (Nikolai Jensen, 90), Elling Mikal Kalvø, Christian Sæther – Hans Edvard Nordang, Tarjei Urkedal – Ole Johan Urke (Joakim Roald, 77), Kristoffer Hildrestrand, Daniel Aakre – Øyvind Sundnes (Kristian Søviknes, 67).
Dommar: Tor Ove Myrset (FK Sykkylven)
Assistentar: Øyvind Birkeland (Herd) og Øyvind Kringstad (Valder)
Målscorar Elling Mikal Kalvø var godt nøgd med tre poeng.