Norborg – Langevåg 7-1

Norborg – Langevåg 7-1 (3-0)
Uggedal stadion, 27.08.2015

Sjansar: 13-6
Cornere: 4-4
Avslutningar på mål: 13-8
Avslutningar utanfor: 5-3

1-0 Ole-Kristian Aarseth (19)
2-0 Kristian Søviknes (27)
3-0 Ole-Kristian Aarseth (45)
4-0 Ole Johan Urke (49)
5-0 Øyvind Sundnes (67)
6-0 Tarjei Gjerset Urkedal (74)
7-0 Sjølvmål (77)
7-1 Børge Holen (85)

Norborg gav unggutane frå Langevåg ein fotballeksjon på den sleipe Uggedalsmatta. Sett bort frå dei første og dei siste ti minutta, var Norborg det klart beste laget og vann fullt fortjent. Norborg har no scora 19 mål på 3 seriekampar i august.

I kveld var vi gode, spesielt dei siste 35 av første omgang er strålande. Vi speler ut eit av dei få laga som prøver å spele fotball, ikke sparke fotball, som fleire av dei andre laga i divisjonen. Kjekt å sjå at fleire og fleire spelarar viser god form, gleder meg til fortsettelsen, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Norborg var ute etter revansje etter det pinlege 2-0 tapet i vår, men det var Langevåg som starta kampen best og styrte dei første ti minutta utan å få mål. Så tok Norborg av seg silkehanskane og starta å få opp tempoet. Øyvind Sundnes gav Langevåg det første skremmeskotet då han dempa ballen på brystet og smokka ballen i tverrliggjaren i det 11. minutt.

18-åringen Ole-Kristian Aarseth har vist fin form i det siste og 18 minutt ut i kampen viste han seg fram for første gong i kampen då han tok med seg ballen på tvers av bana utanfor 16 meteren og plasserte den i fin boge over keeper og i mål oppe ved krysset til 1-0. Knappe ti minutt seinare var han igjen på farta, men denne gong redda keeper Marius Halvorsen forsøket for berre å gi ein retur som Kristian Søviknes putta i mål til 2-0.

Norborg fortsette å skape sjansar og på overtid rulla ein opp eit fint angrep der Sundnes fann Aarseth som lobba elegant over keeper til 3-0. Tre mål på sju sjansar og trygg leiing til pause.

Etter kvila fortsette Norborg å styre kampen. Fire minutt ut i omgangen fann Kristoffer Hildrestrand Ole Johan Urke som kontrollert sette inn 4-0. Langevåg kom seg eit par minutt seinare til ein dobbelsjanse, men keeper Geir Roar Gamlem redda godt begge forsøka. Halvvegs ut i omgangen snappa Øyvind Sundnes opp eit svakt tilbakespel, runda keeper og sette inn 5-0. Same mann var nær eit nytt mål på ein liknande situasjon, men denne gong redda keeper Halvorsen.

6-0 let likevel ikkje vente lenge på seg då Tarjei Gjerset Urkedal smokka ballen i mål etter forarbeid av Ole Johan Urke. Tre minutt seinare presenterte ein ny unggut seg for heimepublikummet. Fredrik Krogsæter klinka ballen i krysstanga og i ryggen på keeper til 7-0. Norborg sa seg etter dette nøgd og Langevåg tok over føringa i kampen. Keeper Geir Roar Gamlem laga først straffespark for så å redde forsøket frå Eirik Hurlen. Gamlem si andre strafferedning i årets sesong. Langevåg skulle likevel få seg eit trøystemål då Børge Holen er frampå og putter etter eit skot i tverrliggjar.

Norborg innfridde dermed favorittstempelet ein hadde i denne kampen og viste på ny klasse framfor mål i tillegg til mykje fin fotball langs bakken. Neste oppgåve er borte mot Hareid torsdag 3. september kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem (Børt Tore Marthinussen, 84) – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø (Christian Sæther, 46), Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft (Henning Koppen, 22) – Kristian Søviknes (Fredrik Krogsæter, 58), Tarjei Gjerset Urkedal (Nikolai Jensen, 75), Mathias Fjørtoft (Steffen Grytten, 68), Ole Johan Urke (Joakim Roald, 75) – Ole-Kristian Aarseth, Øyvind Sundnes.


Gutane bak dei 7 måla: Fredrik Krogsæter, Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke, Kristian Søviknes, Øyvind Sundnes og Ole-Kristian Aarseth.

Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy)
Assistentar: Richard Olsen (Åmdal) og Zenun Murati (Giske)

Norborg er no oppe på 2. plass etter at Emblem tapte 2-0 borte for Larsnes/Gursken. Det såg lenge ut til at ein skulle knappe inn på leiarlaget Rollon, men dei vann 4-3 borte mot Vigra trass 3-0 leiing til heimelaget tjue minutt før slutt. FK Sykkylven vann 3-2 borte mot Godøy og er oppe på 3. plass.