Norborg – Hareid 1-1

Norborg – Hareid 1-1 (1-0)
Uggedal stadion, 07.05.2015

Sjansar: 13-5
Cornere: 12-7

1-0 Kristoffer Hildrestrand (28)
1-1 Jon André Thue (82)

Norborg skapte klart flest sjansar under praktfulle speletilhøve i Uggedalen i kveld, men etter kvart som Norborg brann sjanse på sjanse, takka Hareid for dette med å utlikne ti minutt før slutt. Dermed to tapte poeng for dei oransje.

– I dag syns jeg synd på spillerne, de hadde fortjent mer enn det ene poenget! De jobber knallhardt, viser gode holdninger, produserer svært mange målsjanser og burde vunnet kampen med flere mål, sa Norborg-trenar Stig Johansen etter kampen.

Norborg gjekk hardt ut mot eit redusert gjestelag og allereie før minuttet var spelt hadde ein skapt to store sjansar. Kristoffer Hildrestrand vart spelt fri 30 sekund ut i kampen, men avslutninga vart slått til corner. Den stussa Elling Mikal Kalvø mot bakerste, men ein Hareid-spelar fekk redda på strek. Norborg fortsette å styre kampen, og i det 28. minutt jaga Ole-Kristian Aarseth ein ball i bakrom. Hareid sitt forsvar fekk ikkje klarert skikkeleg og Aarseth sprang opp ballen ute ved langsida. Han slo til Hildrestrand, som storma ned mot kortlinja og banka inn 1-0 frå skrått hald.

Etter målet kom Hareid langt meir med, og skapte fleire situasjonar framføre Norborg sitt mål. Spesielt etter dødball. Norborg hadde også sine sjansar i minutta før pause, men avslutningane var for svake. Dermed stod 1-0 seg til pause.

Etter pause hadde Norborg full kontroll defensivt og skapte mange sjansar, men kom ikkje nærmare enn Steffen Grytten si heading i tverra. Så skjer det som ikkje skal skje. Ein gir bort ein unødvendig corner og Hareid sin Jon André Thue kjempa ballen så vidt over streken til 1-1. Særs surt for eit heimelag som burde ha punktert kampen for lenge sidan. Daniel Aakre fekk ein stor sjanse like før slutt til å avgjere kampen for Norborg, men avslutninga vart for svak og keeper Mork hadde ingen problem med å redde. Dermed enda det med 1-1.

Norborg skal ut i ny kamp allereie tysdag. Då går turen til Vigra.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Henning Koppen, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang – Steffen Grytten, Mathias Fjørtoft – Kristoffer Hildrestrand (Øyvind Sundnes, 61), Ole-Kristian Aarseth (Ole Johan Urke, 87), Tarjei Urkedal (Daniel Aakre, 79) – Kristoffer Søviknes.

Dommar Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Fredrik Løken (Brattvåg) og David Fiskaa (Gjerdrum)

Årsbeste av dommartrioen.