Norborg – Godøy 1-1 (1-0)
Uggedal stadion, 04.06.2015
Sjansar: 6-4
Cornere: 10-4
1-0 Øyvind Sundnes (19)
1-1 Svein Arve Alnes (str. 58)
Norborg måtte gå nok ein gong skuffa av bana etter å ha spelt uavgjort mot Godøy. Norborg hadde trykket mot slutten, men sleit med å skape dei klare målsjansane.
– I kveld er jeg skuffet, først og fremst over prestasjonen vi leverer! Viljen og innsatsen er upåklagelig, men i dag evnet vi ikke å skape nok kvalifiserte sjanser til å avgjøre kampen. Det skuffer meg. Bevegelsen uten ball, valg vi tar med ball og presisjonen i pasningsspillet er ikke slik vi ønsker den skal være. Vi har med andre ord noe å jobbe med frem mot neste kamp.
Skoen trykker helt klart på manglende effektivitet, men jeg blir ikke stresset av dette. Det tar tid å snu et lag som har slitt en hel sesong, noe som endte med nedrykk. Jeg trodde dette skulle gå raskere, men vi får bruke den tiden som trengs. Det er ingen snarveier til suksess, det er bare hardt arbeid over tid som nytter, sa trener Stig Johansen etter kampen.
Dette vart ingen velspelt og underhaldande kamp på den sleipe grasmatta i Uggedalen, men spenninga var heile tida til stede. Godøy starta med ryggen i vingen, men greidde ikkje å utnytte dette til sin fordel. Etter nær 20 minutt med stillingskrig var Godøy sin venstreback lite konsentrert og slo ei laus pasning inn mot eigen 16 meter som Øyvind Sundnes snappa. Åleine med keeper gjor han ingen feil og sette ballen i nota til 1-0. Minuttet seinare får Ole Johan Urke ein god sjanse til å doble leiinga, men forsøket på volley gjekk utanfor. Sundnes fekk også sjansen til å score sitt andre mål for kvelden, men han heada Hans Edvard Nordang sitt gode frisparklegg utanfor.
Mot slutten av omgangen heva Godøy seg og kom seg til to gode sjansar. Begge etter dødball. Mål vart det ikkje og Norborg gjekk til pause med leiing. Greit nok sidan ein skapte litt meir framfor Godøy sitt mål trass motvind.
Etter dryge ti minutt med midtbanekrig i 2. omgang kom Godøy seg til omgangens første sjanse då eit frispark vart slått inn i feltet. Keeper Geir Roar Gamlem såg ut til å ha god kontroll, men glepp så den sleipe ballen og den hamnar til slutt hos ein godøying som fyrer av. Han traff handa til Kristoffer Søviknes som stod på strek. Dommar Olsen blåste for straffespark, men valgte å ikkje gi Søviknes kort sidan han hadde handa i ei naturleg stilling. Men har han handa i ei naturleg stilling så skal det vel heller ikkje blåsast straffespark? Svein Arve Alnes sette straffa sikkert i mål til 1-1. Litt seinare i omgangen så går ballen i handa på ein Godøy-spelar innanfor straffefeltet. Då vinka dommar spelet vidare fordi ballen traff ei hand som var i ei naturleg stilling. Rart denne regelen ikkje gjaldt nokre minutt før.
Norborg sitt spel verka stressa etter at ein på nytt måtte jage mål. Det mangla rytme og presisjon i den offensive fasen, og trass eit trykk mot Godøy sitt mål vart det med mange hjørnespark og nokre forsøk frå Tarjei Urkedal, Daniel Aakre og Elling Mikal Kalvø. Kristoffer Hildrestrand traff stolpen, men frå ein posisjon som ikkje kan kallast for målsjanse. Godøy forsøkte seg på nokre kontringar, men Norborg sitt forsvar hadde stort sett kontroll om vi ser bort i frå ein stor sjanse til Trond Brynestad eit kvarter før slutt.
Norborg sin bestemannspris gir vi til Christian Sæther. Han hadde full kontroll på tidlegare tippeligaspelar Joakim Austnes.
Laget: Geir Roar Gamlem – Jan Tore Fjørtoft, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Christian Sæther – Ole Johan Urke (Kristoffer Hildrestrand, 69), Tarei Urkedal, Mathias Fjørtoft (Steffen Grytten, 78), Daniel Aakre – Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes (Ole-Kristian Aarseth, 63) (Kristoffer Søviknes, 78).
Dommar: Richard Olsen (Åmdal)
Assistentar: Lars Ove Sletta (Langevåg) og Kristian Standal (Rollon)