Norborg – FK Sykkylven 6-3

Norborg – FK Sykkylven 6-3 (2-1)
Uggedal stadion, 20.08.2015

Sjansar: 11-6
Cornere: 3-4
Avslutningar på mål: 7-6
Avslutningar utanfor:9-4

0-1 Bengt Hole Alnes (17)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (25)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (44)
3-1 Kristoffer Søviknes (53)
3-2 Damian Cruz (55)
4-2 Kristoffer Søviknes (56)
4-3 Håkon Hanssen (70)
5-3 Hans Edvard Nordang (str. 74)
6-3 Øyvind Sundnes (84)

Det vart ein underhaldande og spennande kamp på Uggedal stadion, men samstundes også ein rotete og lite velspelt kamp. Gjestane la opp til krig, medan Norborg ikkje greidde å få tempo i sitt spel på Uggedalsmatta. Effektiviteten framfor mål var det derimot lite å sette fingeren på. Begge lag scora på om lag halvparten av sjansane og det ga ein fortent 6-3 siger til vertane.

– Denne kampen var viktig for oss å vinne, ein nøkkelkamp! Ein kamp som er jamn i første omgang, i andre blir forskjellane større jo lengre kampen varer. Vi er gode kollektivt, ein skikkeleg lagsiger. Samtidig er eg glad på spissanes vegne, at dei fortsetter å jobbe hardt for laget samt at dei setter sjansane sine, sa trenar Stig Johansen.

I vårkampen rota Norborg bort ei 3-0 leiing det siste kvarteret. No var det klart fort revansje, men det var gjestane frå Sykkylven som først gav liv til kampen då Bengt Hole Alnes scora åleine med keeper i det 17. minutt. FKS var også nær å doble leiinga minuttet etter, men denne gong tok keeper Geir Roar Gamlem av seg avslutninga.

Norborg opptrådde i denne perioden særs svakt både individuelt og som lag. Ballmissa kom på løpande band og ein mangla rytme i angrepsspelet. I det 25. minutt vakna Norborg då Tarjei Gjerset Urkedal var frampå og putta ballen i mål etter at keeper ga retur på eit skot frå Elling Mikal Kalvø. Norborg styrte kampen etter utlikninga og både Kristoffer Søviknes og Urkedal var nær ved å gi Norborg leiinga i minutta som følgte. Eitt minutt før pause skulle det så skje, og nok ein gong var det Tarjei Gjerset Urkedal som var på rett plass og sette ballen i mål etter ein dødball. Dermed gjekk Norborg til pause med 2-1 leiing etter ein god spurt.

Om 1. omgang i lange periodar var ei keisam affære så vart det målbonanza etter pause. Kristoffer Søviknes auka til 3-1 då han finta bort ein motspelar og sette ballen sikkert i mål. Gleda varte ikkje lenge for dei oransje for dryge minuttet seinare fekk vi sjå svakt forsvarsspelt etter eit innkast. Fleire Norborg-spelarar stakk ut av 16 meteren og ein kom i undertal framfor kassa. Der vaka Damian Cruz og han heada ballen nådelaust i nota til 3-2. Men, Norborg og Kristoffer Søviknes slo raskt tilbake. Med ein mann i ryggen sprang han mot keeper og sette ballen i mål til 4-2. Same mann var nær ved å sette inn 5-2, men headinga hans gjekk like utanfor mål. I staden var det Håkon Hanssen som storma skrått inn i Norborg sin 16 meter og sette ballen i nota ute ved lengste stolpe til 4-3.

FK Sykkylven satsa alt framover, men Norborg viste seg som det beste laget det siste kvarteret og sa takk for seg. Hans Edvard Nordang sette inn 5-3 på straffe etter at keeper la Kristoffer Hildrestrand i bakken. Medan Øyvind Sundnes fastsette sluttresultatet då han scora på eit velplassert skot etter ein stikkar frå Tarjei Urkedal.

Norborg scora dermed nok ein gong 6 mål i ein kamp. Tek vi med treningskampen mot Skodje så har det blitt 6-1, 6-1 og 6-3 på dei tre siste. Men etter alle dei brente sjansane i vår så var det berre eit spørsmål om tid før det løsna. Vi gir i dag bestemannsprisen til Kristoffer Søviknes. Han var ein handfull for FKS sitt forsvar og putta to fine mål. Synd at han fekk sitt tredje gule kort for sesongen og må stå over mot Langevåg torsdag 27. august.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand (Ole Johan Urke, 82), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Kristian Søviknes (Henning Koppen, 65), Tarjei Gjerset Urkedal (Christian Sæther, 84), Mathias Fjørtoft (Nikolai Jensen, 89), Øyvind Sundnes – Ole-Kristian Aarseth (Fredrik Krogsæter, 73), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Lars Ove Sletta (Langevåg) og Steinar Hjelle (Sunnylven)

Bra etter at lista vart justert ned etter opningskvarteret.


Scorarane Øyvind Sundnes, Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal og Hans Edvard Nordang.