Norborg – FK Sykkylven 3-5

Norborg – FK Sykkylven 3-5 (2-3)
Uggedal KGB, 04.03.2015

Sjansar: 7-6
Cornere: 6-2

1-0 Henning Koppen (2)
1-1 (4)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (12)
2-2 (16)
2-3 (24)
3-3 Ole Johan Urke (48)
3-4 (str. 80)
3-5 (83)

Norborg gjekk på sitt andre tap på tre dagar då effektive FK Sykkylven vart for sterke i vinden på Uggedal KGB. Laga var temmeleg jamgode, men FKS var best der det gjaldt mest, framfor mål.

– Effektive FK Sykkylven vann ein jamspelt kamp. Gjestane framstår som ein klar opprykkskandidat komande sesong. I kveldens kamp i Uggedalen var dei særs effektive og omsette dei fleste sjansane sine i teljande resultat. Eit solid lag med gode spelarar over heile fjøla! For vår eigen del endra vi ein del på laget som starta kampen mot Herd på måndag. 18 spelarar fekk speletid, to av desse spelte sin første kamp for sesongen. Det vart ingen god kamp, men begge lag fekk seg ei god gjennomkjøring, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

Norborg kom godt i gong mot FK Sykkylven i vinden og snø-/haglbygene i Uggedalen onsdag kveld. Allereie to minutt ut i kampen stonga Henning Koppen inn 1-0 etter ein god corner av Kristoffer Hildrestrand. Dette var Henning sitt første touch på ballen for Norborg sidan 15. mai. Henning spelte ein god kamp og vil bli ei forsterking når han om kort tid er ferdig med husbygging.

Gleda varte ikkje lenge for heimelaget for også FKS scora på sin første sjanse då ein spelar fekk lobbe over keeper. Effektiviteten skulle fortsette å vere høg. På dei tre komande sjansane vart det mål. Tarjei Gjerset Urkedal fortsette å knappe innpå Kim Idar Krogsethagen som tidenes målkonge i Norborg (4 bak) då han beina ballen i mål frå kloss hald etter strålande forarbeid av Kristoffer Hildrestrand på høgrekanten. Gjestane frå Sykkylven slo likevel raskt tilbake. 2-2 kom etter innkast då FKS sin tankspiss vendte bort ein Norborg-spelar og pasninga fann ein spelar ved bortaste stolpe. Han gjor ingen feil frå kloss hald og fann nettmaskene. 2-3 kom i det 24. minutt då Norborg mister ballen utanfor 16 meteren grunna ei mislykka dribling. FKS-spelaren scora sikkert åleine med keeper.

Norborg spelte seg til tre gode sjansar det siste kvarteret av omgangen korkje to gongar Ole Johan Urke eller Hans Edvard Nordang greidde å utlikne. Dermed 2-3 til pause i ein omgang Norborg hadde dei fleste sjansane, men FKS scora på alt i det som for dei var motvind.

Norborg starta også 2. omgang best og dryge to minutt ut i omgangen kom Adrian Håbet seg rundt på høgrekanten og fann Ole Johan Urke framfor mål. Han fekk ikkje det reinaste treffet på volley, men ballen sneik seg stolpe inn via keeper. Urke var nær ved å gi Norborg leiinga nokre minutt seinare, men FKS fekk blokkert forsøket frå 5 meter.

Etter dette fekk vi ein relativt keisam omgang, men ti minutt før slutt vart ein FKS-spelar klipt ned innafor Norborg sin 16 meter og dommar Steinsbu kunne ikkje anna gjere enn å peike på straffemerket og viste Norborg-spelaren det raude kortet. Straffa vart satt sikkert i mål. Tre minutt seinare satte FKS inn 3-5 på corner.

Laget: Ronald Søvik Olsen – Jan Tore Fjørtoft (Bendik Brunvoll, 74), Henning Koppen (Stian Skogvoll, 67), Steffen Grytten (Kristoffer Søviknes, 46), Daniel Aakre – Christian Sæther (André Larsen, 46), Mathias Fjørtoft (Joakim Roald, 71) – Ole Johan Urke, Tarjei Gjerset Urkedal, Kristoffer Hildrestrand (Adrian Håbet, 46) – Hans Edvard Nordang.

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Arild Vegsund og Arve Toven