Norborg – Emblem 3-0 (3-0)
Uggedal KGB, 24.09.2015
Sjansar: 10-2
Cornere: 8-2
Avslutningar på mål: 9-2
Avslutningar utanfor: 11-3
1-0 Ole Johan Urke (7)
2-0 Hans Edvard Nordang (str. 10)
3-0 Ole Johan Urke (37)
Norborg tok sin 7. strake siger då Emblem vart sendt heim med tre mål i sekken. Norborg spelte ein god 1. omgang og kunne ha leia med meir enn tre mål. Etter kvila vart det lenger mellom sjansane, men ein hadde god kontroll defensivt og lot Emblem sjeldan truge mål.
– Godt nøgd med kveldens kamp. Dei første 45 minutta spelar vi ut Emblem, gjestane er heldig som går til pause med berre tre baklengsmål. Siste 45 kontrollerer vi inn 3 nye poeng, sa trenar Stig Johansen etter kampen.
Norborg gjekk hardt ut og tok umiddelbart tak i kampen. Allereie i det første minuttet fekk Ole Johan Urke testa skotfoten, men keeper Boga fekk slått ballen til corner. Men nokre minutt seinare var det Urke som vann duellen og fekk æra av å sette inn kampens første mål då han kontrollert sette ballen i mål etter ein retur frå keeper. Eit par minutt seinare fekk Hans Edvard Nordang sjansen frå straffemerket då Hildrestrand vart hekta innanfor 16 meteren. Nordang satte straffa sikkert i mål til 2-0. Norborg fortsette med sitt gode spel og både Kristoffer Søviknes og Ole Johan Urke var nære å auke leiinga.
Midtvegs i omgangen fekk Norborg ei dalande kurve og Emblem fekk løfta laget utan at dei greidde å skape det heilt store. Er vi snill kan vi notere ein sjanse då eit innlegg gjekk gjennom feltet, men vart satt utanfor frå skrått hald på bakerste. Mot slutten av omgangen fann Norborg igjen strukturen i laget og åtte minutt før pause sette Urke sitt andre mål etter at Øyvind Sundnes hadde treft tverrliggjaren. Urke var veldig aktiv i denne omgangen og han var nær sitt tredje mål då Søviknes spelte han fri, men skotet vart redda av keeper Boga.
Norborg skapte ein 7-8 sjansar i denne omgangen og leia fortent. Defensivt hadde ein god kontroll og vi noterte ikkje eit einaste skot innafor ramma av Emblem.
2. omgang vart meir eller mindre eit langt gjesp. Hans Edvard Nordang, Kristoffer Søviknes og Øyvind Sundnes hadde sjansen til å auke Norborg si leiing, men keeper Boga redda meisterleg Nordang si heading, medan Søviknes og Sundnes ikkje traff innafor stengene. Sundnes vart også snytt for ei straffe på slutten av kampen. Emblem var langt meir med i denne omgangen, men det var noko forknytt over Emblem denne kvelden. Dei vart dermed effektivt stoppa på 16 meteren av Norborg sitt forsvar, men tjue minutt ut i omgangen var Tibor Samardzic nær mål då han sette ballen i stolpen frå om lag tjue meter.
Kampen ebba dermed ut med 3-0 siger til Norborg. Ein sette dermed ny klubbrekord med sin 7. strake siger. Den forrige rekorden var frå våren 2013. Sidan Rollon ikkje spelar før laurdag får ein låne tabelltoppen.
Neste kamp er borte mot Godøy torsdag 1. oktober kl. 1830.
Laget: Joakim Kjærstad – Kristoffer Hildrestrand, Kristoffer Søviknes (Nikolai Jensen, 86), Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Kristian Søviknes (Elling Mikal Kalvø, 35), Christian Sæther (Joakim Roald, 84), Tarjei Urkedal, Ole Johan Urke (Fredrik Krogsæter, 72) – Ole-Kristian Aarseth (Steffen Grytten, 78), Øyvind Sundnes.
Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentar: Steinar Hjelle (Sunnylven) og Martin Solheim (Spjelkavik)
Dagens dobbel av Ole Johan Urke. To mål og Norborg sin beste spelar.