Norborg – Brattvåg 1-4

Norborg – Brattvåg 1-4 (1-2)
Uggedal KGB, 25.03.2015

Sjansar: 4-9
Cornere: 6-5

0-1 Finn Alvestad (24)
0-2 Tommy Kanishi Andreassen (26)
1-2 Sjølvmål (45+1)
1-3 Thomas Aarsund (90+1)
1-4 Didrik Fløtre (90+3)

Tilskodarar: 375

Så vart det Brattvåg som skal representere Haram kommune i 2. kvalifiseringsrunde i NM etter ein intens kamp mot Norborg. Kampen var lenge jamn og spennande, men då Norborg fekk ein spelar utvist og samstundes måtte satse alt offensivt punkterte Brattvåg kampen på to kontringar i sluttminutta.

– Først og fremst ønsker jeg å gratulere Brattvåg med seieren og ønske de lykke til både i cup og i serien. Gjestene var hakket bedre enn oss i en relativt jevn, morsom og innholdsrik førsteomgang. Marginer og en dommer som ikke var voksen nok til oppgaven, var avgjørende for at det stod 1-2 til pause, det burde stått 2-2! Andre omgang styrer vi helt frem til vi får en spiller utvist. Vi står med gråstein i hånda, men ønsker oss gull. Vi går “all in”, legger om til 3-2-4 for å gjøre et siste forsøk på å få en fortjent utligning. Vi ender dessverre opp med gråstein etter at gjestene kontrer inn to mål på overtid. Jeg er misfornøyd med resultatet, men godt fornøyd med prestasjonen vi leverer. Dette viser at vi nærmer oss noe, klarer vi å gjenskape den samme prestasjonen i seriespillet går vi en fin sesong i møte, sa trenar Stig Johansen etter kampen.

For den nøytrale tilskodar, om det er mogeleg å vere i ein slik kamp, så var 1. omgang den mest underhaldande. Den hadde det meste med brente sjansar, annullert mål og tre godkjente scoringar. Norborg trudde dei hadde tatt leiinga 17 minutt ut i kampen då Brattvåg slo eit frispark mot eige mål og ein lite konsentrert keeper ikkje greidde å stoppe ballen som rulla inn i mål. Dommar dømmer mål, men linjedommar vinka og dømte corner slik det skal gjerast om keeper ikkje var borti ballen. Men norborgarane hevda hardnakka at keeper var borti ballen før den gjekk inn. Protestane førte ikkje fram og mål vart det ikkje.

Etter dette tok Brattvåg tak i kampen mot ein Norborg-lag som gav frå seg ballen alt for lett på eigen halvdel. Didrik Fløtre fekk to sjansar til å score, men mislukkast både i det 19. og 20. minutt. To minutt seinare fekk Norborg sin Kristoffer Hildrestrand ein stor sjanse til å finne nettmaskene, men åleine med keeper Thorsen var det sistnemnde som vann duellen.

Finn Alvestad er Brattvåg si største drivkraft offensivt. Dryge halvvegs i omgangen fekk han ein stikkar i bakrom frå Didrik Fløtre og banka ballen sikkert mellom keeper og stolpe til 0-1. To minutt seinare glepp det igjen for Norborg og Tommy Kanishi Andreassen utnyttar svakt forsvarsspel og klinkar inn 0-2.

Kampen roa seg noko etter dette, men på overtid får Norborg reduseringa si då keeper Thorsen slår ein corner frå Kristoffer Hildrestrand i eige mål. Det skapte ny spenning til 2. omgang.

Sjølv om Brattvåg kom seg til ein dobbeltsjanse tidleg i 2. omgang heva Norborg seg etter pause. Ein hadde god kontroll defensivt og våga å ha meir ball. Diverre hadde ein ikkje nok presisjon på innlegg og gjennomspel til å skape dei store sjansane. Likevel, ein er fullt på høgde med eit topplag i 3. divisjon i denne omgangen. Hjelp frå dommar Bakkom fekk ein heller ikkje då han unødig viste Ole-Kristian Aarseth det andre gule kortet for munnbruk fem minutt før slutt. Norborg måtte fram i eit forsøk på å få ekstraomgangar, men vart kontra i senk av Brattvåg. Først banka Thomas Aarsund inn 1-3 før Didrik Fløtre putta åleine med keeper og fastsette sluttresultatet til 1-4.

Norborg leverte årsbeste, men har fortsatt noko å gå på når det gjeld presisjon og val med ball i laget. Innsatsen var god, men det skulle berre mangle når det er erkerivalen som står på motsett halvdel.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand, Henning Koppen, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Øyvind Sundnes (Ole Johan Urke, 46), Tarjei Urkedal (Christian Sæther, 87), Mathias Fjørtoft, Daniel Aakre (Bendik Brunvoll, 87) – Ole-Kristian Aarseth, Kristoffer Søviknes.


Fiskerbanden og jentelaget laga flott ramme ved innmarsj.