Larsnes/Gursken – Norborg 0-4

Larsnes/Gursken – Norborg 0-4 (0-2)
Larsnes Stadion, 11.06.2015

Sjansar: 3-7
Cornere: 4-1

0-1 Ole-Kristian Aarseth (4)
0-2 Ole Johan Urke (39)
0-3 Ole-Kristian Aarseth (64)
0-4 Ole-Kristian Aarseth (79)

Rødt kort: Jan Tore Fjørtoft (Norborg, 63)

Norborg slo sterkt tilbake etter mange skuffande resultat i vårsesongen og banka eit av divisjonens beste lag heile 4-0 på bortebane. Norborg hadde god kontroll defensivt og viste endeleg effektivitet framfor motstandaren sitt mål.

– I dag er jeg glad på spillernes vegne! Vi er gode kollektivt både defensivt og offensivt, i tillegg er vi effektive. Å vinne 0-4 borte uansett motstander, er sterkt! Dette var akkurat det vi trengte inn mot de to siste kampene før ferien. Bare å gratulere guttene med en strålende gjennomført kamp, dette var HEIL VED!, sa trenar Stig Johansen.

Norborg fekk ikkje den beste oppladninga til kampen. Halve laget rakk ikkje ferga på Sulesund og ankom Larsnes tjue minutt før start. Dette stresset såg ut til å fjerne all nervøsitet og Norborg tok tak i kampen dei første minutta på den flotte matta. Knappe to minutt ut i kampen kom Daniel Aakre seg til den første sjansen, men avslutninga traff ikkje mål. Minuttet seinare er Aakre igjen på farta på høgrekanten. Han la tilbake til Mathias Fjørtoft som la ballen inn i feltet der Tarjei Urkedal stussa vidare til Ole-Kristian Aarseth som sette ballen i mål frå ca. 10 meter.

Etter Norborg sitt leiarmål fekk heimelaget yppe seg nokre minutt. Anders Vaagen avslutta utanfor frå 16 meter, medan Leiv Sindre Muren sette ballen like utanfor etter eit indirekte frispark innafor 16 meteren etter at dommaren dømte for tilbakespel. Norborg var hakket best i banespel, men sleit med å utnytte dei mange overgongane ein fekk.

Dryge fem minutt før slutt jubla heimepublikummet då ballen gjekk i mål bak keeper Gamlem, men gleda varte ikkje lenge sidan dommar Myklebust hadde blåst frispark til Norborg. Sekunder seinare var det i staden Norborg som jubla for si andre scoring då Daniel Aakre la flott inn til Ole Johan Urke som heada i mål frå bakre stolpe. To mål på tre kvalifiserte sjansar var bra for sjølvtilliten og eit godt utgangspunkt til 2. omgang.

Norborg tok tak i kampen også etter sidebytte. Fem minutt ut i omgangen fann eit innlegg frå Urke Aakre, men headinga gjekk utanfor. Like etter viste Urke fram skotfoten frå 20 meter og var centimetere frå å auke leiinga, men skotet gjekk i krysstanga og ut. Også Kristoffer Hildrestrand ville teste foten frå 20 meter, men skotet gjekk halvmeteren utanfor.

I det 63. minutt fekk heimelaget frispark. Jan Tore Fjørtoft klarerte ballen like etter fløyta gjekk og var ikkje einig i det gule kortet han fekk. Protesten førte til direkte raudt. Dette gav heimelaget håp, men det varte berre nokre få sekund. Frisparket vart lagt inn i feltet der Norborg regjerte og sette igong ei kontring med Ole-Kristian Aarseth. Han sprang med ballen i femti meter før han avslutta med ein elegant lobb over keeper til 3-0. Årets Norborg-mål hittil i sesongen.

Norborg spelte disiplinert og vika ikkje ein millimeter. Nokre gule kort vart det, men det toler vi. Aarseth burde kanskje ha satt inn sitt tredje mål for kvelden i det 70. minutt, men greide ikkje å pare beina sine. Mål nummer tre for grytastrandaren skulle likevel kome då han sprang etter eit tilbakespel som gjekk forbi keeper. I duell med keeper kjempa han ballen like over streken til 4-0. Bra løp også av linjedommaren som kom seg ned til kortlinja og fekk med seg at ballen var over streken.

Flott gjennomført kamp av oransjetrøyene i ein vanskeleg bortekamp. Samtlege jobba godt og gjorde at keeper Gamlem var stort sett arbeidsledig i 90 minutt. Ole-Kristian Aarseth får sjølvsagt bestemannsprisen med sitt hat-trick. Elles alltid hyggeleg å kome til Larsnes og denne gong vart det også hyggeleg å dra der ifrå. Det har blitt ei stund sidan forrige siger der nede.

Norborg har fri komande veke. Neste kamp er heime mot Valder måndag 22. august kl. 1830 på Uggedal stadion.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Ole Johan Urke (Øyvind Sundnes, 81), Christian Sæther (Steffen Grytten, 54), Mathias Fjørtoft, Daniel Aakre – Ole-Kristian Aarseth (Kristoffer Søviknes, 84), Tarjei Urkedal (Kristian Søviknes, 86).

Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal)
Assistentar: Jonny Dyb (Giske) og Knut Erik Myklebust (Ørsta)

 


Ole-Kristian Aarseth og Ole Johan Urke kunne glede seg over scoringar og tre poeng.