FK Sykkylven – Norborg 3-3

FK Sykkylven – Norborg 3-3 (0-1)
Ikornnes Idrettspark, 23.04.2015

Sjansar: 6-9
Cornere: 2-7

0-1 Hans Edvard Nordang (23)
0-2 Tarjei Gjerset Urkedal (58)
0-3 Hans Edvard Nordang (str. 68)
1-3 Per Espen Lade (76)
2-3 Bengt Hole Alnes (81)
3-3 Ole Thomas Kulseth (89)

Raude kort: Kristoffer Hildrestrand (18) og Hans Edvard Nordang (93)

I fotball så er det ikkje alltid det beste laget som vinn. Denne kampen fekk ingen vinnar, men Norborg var klart betre enn FK Sykkylven og med 3-0 leiing eit kvarter før slutt set dei oransje igjen med ei føling av tap. Tre mål, to i tverra og to redningar på strek. Dette var ein kamp Norborg burde ha vunne. Noko vi også trur hadde skjedd om Damian Cruz hadde blitt rettmessig utvist eitt minutt etter pause og ein dermed hadde fått spelt ti mot ti.

Trenar Stig Johansen sa dette etter kampen: – Dette var heil ved! Vi er bunnsolide defensivt og gode offensivt. I dag er jeg stolt over det som legges ned av hardt arbeid av samtlige involverte i og rundt kampen. Vi var det beste laget, selv om vi fikk en spiller utvist etter 20 min, styrte vi kampen. Vi skårer 3 mål, har to i tverra og FKS redder to ganger på streken, i spill 10 mot 11. Klarer vi å holde samme intensiteten i spillet vårt i fortsettelsen, blir vi vanskelige å stoppe!

Dette var ein annonsert toppkamp sjølv om FK Sykkylven fekk ein grusom start på sesongen med 0-5 i sekken med seg heim frå Emblem sist veke. Det såg heller ikkje ut til betring for dei marineblå denne gong. Norborg tok tak i kampen og hadde både ein i tverra ved Øyvind Sundnes og ein corner frå Jan Tore Fjørtoft redda på strek i løpet av det første kvarteret.

Atten minutt ut i kampen slår FKS ein ball i bakrom og Kristoffer Hildrestrand dytter spissen i bakken som bakerste mann. Dommar oppfatter situasjonen som at han tek frå FKS ein klar målsjanse og viser Hildrestrand det raude kortet. Frisparket frå nokre og tjue meter reddar Geir Roar Gamlem godt. Nokre minutt seinare får Norborg frispark i omtrent same posisjon. Hans Edvard Nordang klinkar til og ballen fyk i mål til oransje leiing.

Sjølv om FK Sykkylven har ein mann meir greidde dei ikkje å skape noko framfor Norborg sitt mål. Til det gjekk dei alt for ofte i offside. Norborg var på hogget og var nær ved å bryte igjennom heimelaget sitt forsvar fleire gongar, men stillinga ved pause var 1-0 til Norborg.

2. omgang startar med ei grisetakling frå Damian Cruz på Mathias Fjørtoft. Cruz fekk gult i 1. omgang og skulle hatt gult her, men slapp unna til Norborg si store fortviling og overrasking. FK Sykkylven fekk eit par sjansar tidleg i 2. omgang ved Håkon Hanssen og Bengt Alnes, men Geir Roar Gamlem redda.

Norborg tok så over kampen og dobla leiinga då Tarjei Urkedal sette ballen i nota etter eit innlegg frå Daniel Aakre. Dette var Tarjei sitt 213. mål. Det same antal som Kim Idar Krogsethagen. Norborg skapte to store sjansar dei neste minutta, men utan resultat. I det 68. minutt tok Jan Tore Fjørtoft turen oppover venstresida og vart lagt i bakken innafor 16 meteren og dommar dømte straffe. Den sette Hans Edvard Nordang sikkert i mål til 3-0 leiing.

FKS såg ut til å vere i oppløysing og Norborg hadde full kontroll, men så reduserte Per Espen Lade på ein corner. Norborg var nær 1-4 då Elling Mikal Kalvø heada i tverra etter eit innlegg av Nordang. I staden reduserte FK Sykkylven til 2-3 berre sekunder seinare då Bengt Hole Alnes heada tverrliggar inn. Heimelaget fekk no blod på tann. Minuttet før slutt går eit legg frå venstre over alle til Ole Thomas Kulseth på bakerste. Han klinka ballen i nota til 3-3. Dermed tre mål på tre sjansar i det siste kvarteret for heimelaget. Steffen Grytten var centimetere frå å gi Norborg 4-3 på overtid, men ein FKS-spelar redda på strek med hælen.

Norborg fortente langt meir enn det ein fekk i denne kampen. Ein skapte dei klart største sjansane, men hadde ikkje marginane på si side. FK Sykkylven var som i vinterens treningskamp særs effektive, men spelte ikkje som eit topplag i denne kampen. Mathias Fjørtoft, Ole-Kristian Aarseth og Tarjei Urkedal var Norborg sine tre beste spelarar.

Neste kamp er borte mot Langevåg onsdag 29. april kl. 1830.

Laget: Geir Roar Gamlem – Kristoffer Hildrestrand, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Tarjei Urkedal (Sundnes, 90), Ole-Kristian Aarseth (Christian Sæther, 85), Mathias Fjørtoft, Steffen Grytten – Kristoffer Søviknes (Daniel Aakre, 38), Øyvind Sundnes (Søviknes, 46) (Ole Johan Urke, 77).